Kontrakten omfattar opparbeiding av ny mellombels hovudport, riggtomt, tomt for skvadronbygg, anleggsveg og anleggsgjerde m.m.. Arbeidet skal ferdigstillast i løpet av februar 2015. Kontrakten er viktig, for ikkje å seie ein føresetnad for arbeidet med skvadronbygget, og klargjering av det komande riggområdet som skal skipast inne på basen. Det er og viktig for å få til ein god logistikk og flyt i anleggsperioden.
På biletet, frå venstre:
Knut Arne Aasen ( underleverandør Linka AS ) Thor Gjul, Vegard Hopen ( prosjektleder Thor Gjul AS ) Anders Fuglaas (prosjektleder, Forsvarsbygg kampflybase) , Geir Aune (Forsvarsbygg kampflybase, Sigmund Grinnen, May Hembre (Forsvarsbygg kampflybase), Jon Bjarne A Madsen (underentrepenør Madsen Elektro AS)