Hopp til hovedinnhold Hopp til bunnen av siden
logo: Forsvarsbygg.no

Høyringsforslag frå Ørland kommune

Ørland kommune har no lagt sitt reviderte forslag til reguleringsplan med konsekvensutreing for Ørland hovedflystasjon ut på høyring.

Forslaget som er lagt til høyring er eit revidert forslag etter at reguleringsplana blei lagt fram den 6. juni 2014. Føreliggjande høyringsforslag blei behandla og vedteke av kommunen sitt planutvalg den 27. juni 2014, etter at det hadde vore oppe for drøyftingar med Forsvarsbygg.

Dei siste endringene omfattar reguleringsbestemmelsene og flygemønster. Det vedteke planforslaget inneber no hovudalternativ 2 for flygemønster, jfr. tilleggsnotat nr. 13, som inneber justert trasé i sørvest (rundt Garten), ved avgang mot sør, sving mot vest ved oppnådd høgde 400 fot.

Forsvarsbygg leverte sitt forslag til reguleringsplan med konsekvensutreeing til Ørland kommune i januar 2014. Reguleringsplana skal etter planen bli vedteke av kommunen i november 2014.

Sjå dokumentet på Ørland kommune si heimeside her:
http://orland.kommune.no/sitepageview.aspx?sitePageID=3440

Nyhetsvarsling

Få e-post når det kommer nye saker.