Hopp til hovedinnhold Hopp til bunnen av siden
logo: Forsvarsbygg.no

Fyrste etappe - Grunnlaget for oppføring av helikopterbasen

Den nye nasjonale helikopterbasen på Bardufoss er godt i gang med vidareutviklinga.

I september blei den fyrste av tre kontraktar ferdigstilt for Forsvarsbygg av entreprenørfirma Nordmo & Sønn AS. Inne i Bardufoss leir har dei klargjort den nye tomta for hovudbasen Helikopter for Luftforsvaret. Frosth Ingeniørar AS har fått kontrakta med byggje leiing under anleggsperioden.

Ryddejobb
Klargjøringa av tomta har gått ut på å rive eit gamalt skvadronsbygg, fjerne gamal asfalt og betongdekke og rydje området for vegetasjon. I tomta fann dei også gamle bygningsrestar av eit fjernvarmeanlegg og gamal infrastruktur som ikkje lenger er i bruk.
Tomta er i dag klar for den nye oppføringa som kommer for Luftforsvaret. Byggjestart her er satt til oktober.

Koordinering
Inne i leirområdet på Bardufoss er det svært hektisk for tida med oppføring av ein rekkje prosjekter for Forsvaret, både Hæren og Luftforsvaret.

- Vi er godt nøgd med den klargjøringsjobben Nordmo & Sønn har utført for helikopterprosjektet på Bardufoss. Dette har vært koordinert opp mot den daglege drifta til Luftvingen, da det har kravd koordinering i forbindelse med transport av massar og andre behov på eit område med stor trafikk, forteljar prosjektleiar i Forsvarsbygg, Helen Ryeng.


Bildetekst:
Fyrste trinn i oppføringa av den nye helikopterbasen er gjennomført. Frå venstre Roy Steinar Hansen, byggjeleiar frå Frosth Ingeniører AS, Helen Ryeng, prosjektleiar i Forsvarsbygg og Lars Even Nordmo, dagleg leiar i Nordmo & Sønn AS. (Foto: Terje Bartholsen, Forsvarsbygg)

 

Tekst: Beate Ingebrigtsen

Beliggenhet

Nyhetsvarsling

Få e-post når det kommer nye saker.