Hopp til hovedinnhold Hopp til bunnen av siden
logo: Forsvarsbygg.no

Avtale underskrive - Forsvaret og grunneigarane samde

Avtale om Forsvaret sine rettar til bruk av Setermoen skyte- og øvings-felt, og grunneigarane si erstatning, vart underteikna hjå Forsvarsbygg torsdag.

Fire års forhandlingar er over, og partane er blitt samde om utvida rettar i skyte- og øvingsfeltet. Ein eigen avtale er utarbeidd som går på sjølve erstatningsbeløpet på
kroner 4 730 000,- som skal fordelast etter ein avtalt storleik mellom dei 22 grunneigarane.

Samarbeid

Avtalen som blir gjeldande frå 1. januar 2015, skal gje minst mogleg tolkingsrom og vere klar på kva som er Forsvaret sine rettar og grunneigarane sine rettar.

- Etter eit godt innspel frå advokaten til grunneigarane, høgsterettsadvokat Tor N. Rekve, som går på at Forsvaret i utgangspunktet har lov til alt, men må halde seg til dei avgrensingane som ligg nedfelt i avtalen, kom vi i hamn. Avtalen kom lettare på plass og er formmessig enklare å halde seg til for partane, oppsummerte Øystein Løvli, leiar for plan- og miljøavdelinga i Forsvarsbygg.

Basert på denne avtalen skal no Forsvaret og Forsvarsbygg revidere instruksverket for verksemda til Forsvaret i Setermoen skyte- og øvingsfelt.

Mange møte

Høgsterettsadvokat Tor N. Rekve har representert alle grunneigarane i forhandlingane. Han kom i oppsummeringa si inn på at det har vore ei omfattande og vanskeleg sak med mange fasettar, og det har vore mange møte. Han roste forhandlingane som har bragt inn usemjer, og samstundes har vore i ein sakleg og god tone. Rekve har hatt tre tillitsmenn for grunneigarane med seg, og dei har komne med viktige innspel om bruk og rettar i skyte- og øvingsfeltet. Desse representantane har vore Stein Østvik, Jens Ole Håkonsen og Hans Brandvoll.

- Denne avtalen blir enklare for oss grunneigarar å halde fast ved, enn det skjønnet som har vore gjeldande til no, sa Stein Østvik som representerte grunneigarane under møtet der avtalen vart signert.

No er reguleringsplanen for Setermoen skyte- og øvingsfelt vedteken i Bardu kommune, avtalen med grunneigarane er underskriven, og då gjenstår forureiningsløyvet som blir handsama hjå Fylkesmannen i Troms. Denne ventar Forsvarsbygg ei avklaring på i løpet av 2015. Då vil heile rammeverket for bruken av skyte- og øvingsfeltet vere på plass.

 

Bilettekst:
SIGNERT: Avtalen signert mellom Forsvaret og grunneigarane for Setermoen skyte- og øvingsfelt. Fv: Paul Vebjørn Oudenstad, advokat i Forsvarsbygg, Øystein Løvli, leiar plan og miljø i Forsvarsbygg, Tor N. Rekve Høgsterettsadvokat, Stein Østvik grunneigar, Arild Ingdal, Hærstaben og Thor Eirik Bakken, skytefeltforvaltar i Forsvarsbygg. (Foto: Beate Ingebrigtsen, Forsvarsbygg)

Beliggenhet

Nyhetsvarsling

Få e-post når det kommer nye saker.