Miljøryddinga av havbotnen i Ramsund starta hausten 2012. SeaBed Services AS fekk oppdraget med å rydde havbotnen i Ramsund for skrot og sugemudre den. Kring 110 000 kvadratmeter havbotn er no reinsa ned til ei djupn på omkring 25 centimeter og lagra i geotubane. Miljøgiftene PCB og TBT har blitt påviste i havbotnen. I det mest forureina området har ein fjerna masse ned til 40–50 centimeter.
- Miljøprosjektet har gått etter planen, og dei mange sjøvassprøvene som er kontrollerte i Ramsund viser verdiar som ligg innanfor grenseverdiane til Klima- og forureiningsdirektoratet (Klif), fortel Torfinn Nilssen i Forsvarsbygg.
- Forsvarsbygg har lege i front og gjennomført eit vellukka pionerprosjekt. Den kjemiske prosessen med å lagre den mudra havbotnen i geotubar på land er unik. Dette er det første miljøprosjektet som er gjennomført på denne måten i Noreg, fortel prosjektleiar Frank R. Dale i SeaBed Services AS.
Kvar geotube inneheld 510 tonn forureina mudder. Tubane vil bli punkterte under kontrollerte forhold, og massane frakta om bord i lastebåten på eit lukka transportband. Kvar båtlast er på kring 3 000 tonn, og skal fraktast til eit godkjent deponi i Bodø.
Forsvarsbygg har inngått kontrakt med SP Maskin AS i Harstad om fjerning av mudderet som er mellomlagra på land i geotubane. Kontrakten med SP Maskin AS er verd kring 30 millionar kroner.
- Mudderet blir lossa frå båtane over i lukka lastebilar som går til deponiet Iris Produksjon AS i Bodø, fortel Steinar Pedersen i SP Maskin AS.
Forsvarsbygg har teke prøver i Ramsund sidan 2007. Heile området utanfor stasjonen er grundig kartlagt med til saman 427 målestasjonar i sjøen.
Ramsundet skal miljøovervakast gjennom prøvetaking av fisk og skjel i ti år før sundet kan bli friskmeldt. Styresmaktene si åtvaring mot å ete fisk som er fanga i Ramsundet gjeld framleis.
FAKTA:
TBT og PCB er dei to viktigaste miljøgiftene som har samla seg opp i botnslam i mange hamner over tid. PCB (polyklorerte bifenylar) har mange alvorlege effektar på helse og miljø. Ny bruk av PCB blei forbode i 1980. TBT og TFT er kunstig framstilte tinnorganiske sambindingar som er svært giftige. TBT blei tidlegare brukt i botnstoff til båtar, men dette er no forbode.
Bilettekst:
45 TUSEN TONN FORUREINING BLIR FJERNA: Forsvarsbygg har skrive under kontrakt med SP Maskin AS i Harstad om fjerning av massen til godkjent mottak i Bodø. F.v.: Fredrik Korpe, dagleg leiar i Iris Produksjon AS ved mottaket i Bodø, Steinar Pedersen, dagleg leiar i SP Maskin AS i Harstad, Torfinn Nilsen, prosjektleiar i Forsvarsbygg, og Kenneth Stømne, administrasjonssjef i SeaBed Services AS som har mudra havbotnen i Ramsund.
Foto: Beate Ingebrigtsen, Forsvarsbygg.