Hopp til hovedinnhold Hopp til bunnen av siden
logo: Forsvarsbygg.no

Invitasjon til møter i samband med planlegging av Ørland flystasjon

Ørland kommune behandla planprogrammet for reguleringsplan med konsekvensutgreiing for Ørland flystasjon 29.01.2013. I samband med høyringa av planprogrammet og igangsetting av planarbeidet, inviterast det til møter kor det vil bli orientert om arbeidet.

Møta blir arrangert av Ørland kommune, Luftforsvaret ved 138. Luftving og Forsvarsbygg. Det vil orienterast om planarbeidet, status og framdrift for planlegginga av kampflybasen. Representantar frå kommunen, Forsvaret og Forsvarsbygg vil vere tilgjengelege for spørsmål.

For innbyggjarar i Uthaug krets blir møtet halde tysdag 5. mars kl. 1800-1930 på Uthaug skule.

For innbyggjarar i Grande krets blir møtet halde tysdag 5.mars kl. 2015-2145 på Grande skule.

Tysdag 5.mars mellom kl 1000 og 1700 er det open dag. Representantar frå Ørland kommune, Luftforsvaret ved 138. Luftving og Forsvarsbygg vil vere til stades i Ørland kultursenter for å svare på spørsmål frå kommunens innbyggjarar knytt til planarbeidet.

Planprogrammet vart vedteke utlagt til offentleg ettersyn fram til 22.03.2013.

Bildet over er tatt på Moss lufthavn Rygge.

 

Nyhetsvarsling

Få e-post når det kommer nye saker.