Hopp til hovedinnhold Hopp til bunnen av siden
logo: Forsvarsbygg.no

Ny direktør i Skifte eigedom

Marit Jakobsen Leganger tiltrer som ny direktør i Skifte eigedom 1. mars 2012.

 

Jakobsen Leganger er 44 år gammal og har hovudfag i medievitskap frå Universitetet i Bergen. Hun kommer frå stillinga som kommunikasjonsdirektør i Forsvarsbygg, og har tidlegare jobba i Oslo kommune som blant anna marknadsdirektør i Boligbygg Oslo KF.  
 
Sidan Forsvarsbygg vart oppretta i 2001 er om lag 2,5 millionar kvm bygningsmasse avhenda, noko som har sikra forsvarssektoren inntekter på 2,8 milliardar kroner. 
- Skifte Eigedom leverar kvart år eit betydelig bidrag til forsvarssektoren gjennom frigjort kapital og sparte husleigekostnadar, samt til lokalsamfunn gjennom miljøopprydding og tilrettelegging av tidlegare forsvarseigedommar for sivil etterbruk. Eg ser fram til å lede dette arbeidet, seier Marit Jakobsen Leganger. 
Stadig fleire offentlege verksemder utanfor forsvarssektoren nyttar seg av Skifte Eigedoms tenester når dei skal avhende eigedom eller vurderer å gjere det. Mellom verksemdene som nyttar seg av denne ekspertisen finn ein Helse Sør-Øst, Nordlandssykehuset, Direktoratet for Samfunnssikkerhet og Beredskap (DSB) og Universitetet for miljø og biovitenskap (UMB).
- For Skifte Eigedom tek eit samfunnsansvar når ein tilbyr avhendingstenester til andre offentlege verksemder. Som leiar har eg ambisjon om å fortsette det høge fokuset på tilby Skifte Eigedoms kompetanse til andre offentlege sektorar, seier Leganger. 
Jakobsen Leganger overtek leiinga av Skifte Eigedom etter Roger Jenssen, som frå årsskiftet har leia Forsvarsbygg utvikling.

Jakobsen Leganger er 44 år gammal og har hovudfag i medievitskap frå Universitetet i Bergen. Hun kommer frå stillinga som kommunikasjonsdirektør i Forsvarsbygg, og har tidlegare jobba i Oslo kommune som blant anna marknadsdirektør i Boligbygg Oslo KF.   

Sidan Forsvarsbygg vart oppretta i 2001 er om lag 2,5 millionar kvm bygningsmasse avhenda, noko som har sikra forsvarssektoren inntekter på 2,8 milliardar kroner. 

- Skifte eigedom leverar kvart år eit betydelig bidrag til forsvarssektoren gjennom frigjort kapital og sparte husleigekostnadar, samt til lokalsamfunn gjennom miljøopprydding og tilrettelegging av tidlegare forsvarseigedommar for sivil etterbruk. Eg ser fram til å lede dette arbeidet, seier Marit Jakobsen Leganger. 

Stadig fleire offentlege verksemder utanfor forsvarssektoren nyttar seg av Skifte eigedoms tenester når dei skal avhende eigedom eller vurderer å gjere det. Mellom verksemdene som nyttar seg av denne ekspertisen finn ein Helse Sør-Øst, Nordlandssykehuset, Direktoratet for Samfunnssikkerhet og Beredskap (DSB) og Universitetet for miljø og biovitenskap (UMB).

- For Skifte eigedom tek eit samfunnsansvar når ein tilbyr avhendingstenester til andre offentlege verksemder. Som leiar har eg ambisjon om å fortsette det høge fokuset på tilby Skifte eigedoms kompetanse til andre offentlege sektorar, seier Leganger. 

Jakobsen Leganger overtek leiinga av Skifte eigedom etter Roger Jenssen, som frå årsskiftet har leia Forsvarsbygg utvikling.

Nyhetsvarsling

Få e-post når det kommer nye saker.