Hopp til hovedinnhold Hopp til bunnen av siden
logo: Forsvarsbygg.no

Miljøreinsing i Ramsund

I år skal Forsvarsbygg bruke 70 millionar kroner på å reinse havbotnen i Ramsund for miljøgifter.

Konkurransen om oppdraget blir lyst ut om kort tid, og arbeidet skal etter planen starte til våren.

Vi planlegg å gjennomføre sugemudring av botnen for å ta opp massar med gammal ureining på orlogsstasjonen, som har vore i drift i 100 år. Massane skal leverast til eit godkjent deponi, seier prosjektleiar Cathrin Amundsen Strømseth i Forsvarsbygg.

Ureininga kjem mellom anna frå botnstoff som tidlegare blei brukt på båtar, og som inneheldt farlege miljøgifter som TBT og PCB. I dag blir ein rådd frå å ete fisk som er fanga i Ramsundet.

Målet vårt er at Ramsundet skal kunne bli friskmeldt etter at arbeidet er gjennomført, og at alle trygt skal kunne ete fisk som er teken her, men vi vil bruke fleire år på kontrollar og målingar før vi dreg den konklusjonen, seier Strømseth.

 

Beliggenhet

Nyhetsvarsling

Få e-post når det kommer nye saker.