– I 2011 rydda vi i områda Grisungdalen, Svånådalen og Kolla. I fjor var tilgangen på militære ryddemannskap særs god, og det er noko av grunnen til at vi no har lagt bak oss den mest effektive ryddesesongen så langt, seier ein nøgd prosjektleiar, Odd-Erik Martinsen i Forsvarsbygg.
Mange funn
Til saman blei nærare 30 km² rydda i løpet av åtte effektive ryddeveker. I løpet av denne perioden blei til saman 984 blindgjengarar (større og mindre enn 20 mm kaliber) funne og destruerte, saman med over 74 tonn metallskrap (for det meste restar av ammunisjon) og 36 kubikkmeter anna avfall. – Dette er store tal samanlikna med tidlegare ryddesesongar, fortel Martinsen vidare.
– Ei slik opprydding i eit av dei mest verdfulle og sårbare fjellområda våre er i høgste grad meiningsfullt arbeid.
I årets feltsesong har det dessutan blitt søkt med eksplosivhundar i område med særleg farlege blindgjengarar.
– Seks spesialtrente hundar og tre hundeførarar gjorde ein kjempeinnsats i dette som er nybrotsarbeid når det gjeld bruk av søkehund i skytefelt. Arbeidet som her blir gjort av Forsvarsbygg i tett samarbeid med Forsvarets hundeskole er både unikt og spanande, og stiller strenge krav til både hund og førar, seier Martinsen.
Restaurering av natur
Fjerninga av dei store forsvarsanlegga på Hjerkinn var òg i gang gjennom heile sommaren 2011. Her blir det køyrt vekk store mengder grus- og fyllmassar, og terrenget blir så langt det er råd restaurert til naturleg landskap med stadeigen vegetasjon. Områda der dei to store sprengingsplassane låg er no ferdig restaurerte. Fjerninga av kavalerianlegga på Haukberget heldt fram frå tidlegare år. Dessutan blei 2,2 km veg fjerna med særs godt resultat. Dette er krevjande arbeid så høgt til fjells. I tillegg blir alt arbeidet gjort med fjernstyrte anleggsmaskiner på grunn av risikoen for å støyte på store blindgjengarar.
Miljøet blir overvaka
Miljøkrava til prosjektet på Hjerkinn er strenge. Kvart år følgjer ei rekkje fagfolk prosjektet og ser til at det blir gjennomført i forsvarlege former. Miljøet blir overvaka kontinuerleg med registrering av ureining, vegetasjon, sårbart fugleliv, villrein og fornminne.
Lagarbeid
- Det gode samarbeidet med Forsvaret er ein viktig grunn til at vi lukkast, fortel Martinsen. I fjorårets sesong utførte soldatar til saman 3042 effektive dagsverk. I tillegg kjem følgjebefal og eksplosivekspertar.
Martinsen framhevar òg alle dei andre som er involverte i prosjektet.
- Alle, frå sanitetspersonell, helikopterpilotar, vognførarar, maskinentreprenørar, miljøforskarar, lokale overnattingsbedrifter og leverandørar til eigne tilsette i Forsvarsbygg, legg ned mykje arbeid for at vi skal lukkast med dette unike prosjektet, fortel han.
Eigen informasjonsfilm på Youtube
Hjerkinn-prosjektet er mykje omtala i både lokale, regionale og nasjonale medium, og rett før jul blei prosjektet presentert både på ein større NATO-konferanse i Edinburgh i Skottland og på ein nordisk miljøvernkonferanse på Island. I år har prosjektet dessutan laga ein eigen informasjonsfilm om prosjektet både på norsk og engelsk Filmen kan du sjå på denne lenkja http://www.youtube.com/watch?v=wnrOHbiESu0
Foto: Geir Olav Slåen