Hopp til hovedinnhold Hopp til bunnen av siden
logo: Forsvarsbygg.no

signerte miljøbyggkontraktar

Forsvarsbygg signerte i dag kontraktar med Link Arkitektur, Multiconsult og Stema Rådgiving for prosjektering og prosjekteringsleiing av eit nytt miljøbygg på Haakonsvern.

– Vi gler oss no til å ta fatt på det vidare prosjektarbeidet saman med ekspertisen i desse firma, seier prosjekt-leiar i Forsvarsbygg, Lars C. Pedersen.

Etter ein tett prosjekteringskonkurranse mellom ni tilbydarar, har Forsvarsbygg no sikra ei komplett prosjekteringsgruppe representert av Link Arkitektur på arkitektfag, og Multiconsult som leverandør av teknisk rådgjeving. Stema Rådgivning AS står for leiinga av prosjekteringa.
– Miljøkompetanse vart vektlagd og stod som eitt av krava i prosjekteringskonkurransen, seier Pedersen.

Energiklasse A eller bedre
Forsvarsdepartementet (FD) har gitt Forsvarsbygg oppdraget om å utvikle eit nytt kontorbygg i anten energiklasse A eller «nullenergibygg» for Forsvarets logistikkorganisasjon på marinebasen Haakonsvern.

Dei prosjekterande leverandørane skal jobbe saman med Forsvarsbygg med å gi råd og utvikle byggeprosjektet på teiknebrettet fram til ferdig forprosjekt. Forprosjektet skal leverast til godkjenning i FD i september 2012. I kontraktane er det opning for at rådgjevargruppa kan delta vidare i byggeprosjektet heilt fram til reklamasjonssyninga tre år etter ferdigstillinga.

Miljøkompetanse
Forsvarsbygg samarbeider med SINTEF og forskingssenteret ZEB (Zero Emissions Building) med å utvikle mogelegheitene for at bygget kan verte et såkalla nullenergibygg.

– For å utvikle eit nullenergibygg har vi i særleg grad vore ute etter arkitektar og rådgjevarar som har kompetanse og interesse for å utvikle ein bygning som energimessig kan verte unik av sitt slag i Noreg. Dette prosjektet krev eit lærevillig og robust rådgjevarteam. Med avtalane vi no har gjort med Link Arkitektur, Multiconsult og Stema Rådgiving, ligg alt til rette for at dette vil bli mykje godt vareteke, seier Pedersen.

Link Arkitektur er blant dei leiande arkitektkontora i Noreg, og Bergenskontoret fekk nylig Arkitektur- og byfornyingsprisen 2011 frå Bergen kommune for Nordahl Grieg vidaregåande skule. Multiconsult er ein av dei største prosjekterings- og rådgjevingsleverandørane i landet, og har blant anna mottatt pris for prosjekteringen av det nye konsert- og kulturhuset Kilden i Kristiansand.

Stema Rådgivning leverer prosjektadministrative tenester i hele Noreg, og har blant anna oppdrag for Oslo Lufthamn, Statsbygg (Regjeringskvartalet), Helse Sør-Øst (nye AHUS) og Forsvarsbygg (FFI, Kjeller).

Kontaktpersonar i Forsvarsbygg:

Lars Clementsen Pedersen, prosjektleiar, tlf 99 29 95 92,
e-post: lars.pedersen@forsvarsbygg.no
Bjørn Tore Rognstad, regionsjef, tlf 905 65 354,
e-post: bjorn.tore.rognstad@forsvarsbygg.no

Nyhetsvarsling

Få e-post når det kommer nye saker.