Hopp til hovedinnhold Hopp til bunnen av siden
logo: Forsvarsbygg.no

Kontrakt på bygging av 28 bustader i Finnmark

Forsvarsbygg har inngått kontrakt med Bra Bo Entreprenør AS i Bodø om bygging av 28 leilegheiter i Finnmark. Verdien på kontrakten er på vel 51 millionar kroner inkludert mva.

Prosjektet gjeld nybygg av 22 leilegheiter i Vadsø og seks i Vardø. Bueiningane skal dekkje det framtidige behovet for bueiningar til dei tilsette i E-tenesta. Dette er mellom anna viktig for å kunne rekruttere og halde på personell i Forsvaret. Ved å byggje nye leilegheiter kan Forsvaret avhende minst like mange eldre leilegheiter, og dermed oppnå betre arealeffektivitet for bustadmassen.

Oppdraget for grunnarbeidet til det same bustadprosjektet i Vardø og Vadsø går til Mietinen Maskin AS frå Vestre Jakobselv. Kontrakten har ein verdi på vel 13 millionar kroner inkludert mva.

Bustadene skal vere topp moderne og tilfredsstille dagens bustadstandard. Forsvarsbygg fører opp mange bustader i landsdelen og dette konseptet er ein ny type bustader som blir bygde for Forsvaret, seier Hårek Elvenes, regionsjef i Forsvarsbygg.

- Dette er det første oppdraget vårt for Forsvarsbygg og dei første bustadene vi byggjer i Finnmark. Vi samarbeider med eit firma frå Estland som mellom anna har levert fleire bustadprosjekt i Bodø og Lofoten.

Dei leverer modular som er tilpassa norske forhold, seier prosjektansvarleg Torbjørn J. Søfting i Bra Bo Entreprenør AS.

Grunnarbeidet tek til no i oktober, byggjearbeidet har oppstart i april 2012 og dei nye bustadene skal etter planen stå ferdige før utgangen av 2012.

 

Bildetekst:

Det er signert ein kontrakt til ein verdi av vel 51 millionar kroner for bygging og renovering av nye bustader i Vardø og Vadsø. Hårek Elvenes, regionsjef i Forsvarsbygg og Torbjørn J. Søfting, prosjektansvarleg i Bra Bo Entreprenør AS. Foto: Beate Ingebrigtsen, Forsvarsbygg

Beliggenhet

Nyhetsvarsling

Få e-post når det kommer nye saker.