Hopp til hovedinnhold Hopp til bunnen av siden
logo: Forsvarsbygg.no

kniving om kontraktane i Bergen

Byggebransjen kjende si visittid då Forsvarsbygg lyste ut to prosjekteringskonkurransar i Bergen i haust. – 19 tilbod på to konkurransar overgår det meste vi har sett i Forsvarsbygg i vår region, seier områdeleiar i Bergen, Bernt Stensaker.

Forsvarsbygg kunngjorde konkurransar på utarbeiding av arbeidsunderlag på to prosjekt i haust: Nytt helikopterdetasjement på Haakonsvern, og nytt depotbygg for Forsvarets logistikkorganisasjon på Haakonsvern. Medan helikopterprosjektet fekk inn ti tilbod, fekk depotbyggprosjektet inn ni tilbod. Tilboda kjem båe frå Noreg og utlandet.

– Det er veldig kjekt at så mange rådgjevande ingeniørar vil jobbe med å utvikle prosjekta våre. Til vanleg får vi inn mellom tre og fire tilbod i slike anbodskonkurransar, så dette er ei tredobling, seier regionsjef i Forsvarsbygg, Bjørn Tore Rognstad.

– Meir bygg for pengane
– Når konkurransen er så sterk, er sjansane større for at vi får den kompetansen og prisen vi er ute etter. Vi får mykje å velje i, noe som vil gi auka kvalitet og meir bygg for pengane, seier Stensaker.

Dei prosjekterande tilbydarane som får kontrakt, skal jobbe i Forsvarsbygg sine prosjektorganisasjonar med å gi råd og utvikle byggeprosjekta på teiknebrettet. Seinare vil dei også støtte Forsvarsbygg sitt arbeid under sjølve byggeperioden.

Fagleg innovative
– Sjølv om dei rådgivande ingeniørane har mykje å gjere i Bergensregionen, veljer mange ingeniørhus å gje tilbod på prosjekta til Forsvarsbygg. Kva er det som gjer Forsvarsbygg så tillokkande?
– Mitt inntrykk er at båe byggeprosjekta er spennande. Båe prosjekta er fagleg utfordrande og innovative på fleire plan. Båe prosjekta skal utviklast, styrast og byggast etter buildingSMART-konseptet. I helikopterprosjektet vil ingeniørane få erfaring med mange unike løysingar, medan det nye depotbygget er eit miljøprosjekt med ambisjonar om å bygge den mest energieffektive bygningen i Forsvaret - ei nullenergibygning. Det er det mange i byggenæringa som vil være med på, seier Stensaker.

God kommunikasjon
Rognstad trur kommunikasjonen omkring prosjekta har vore viktig for interessa.
– Eg meiner vi har vært flinke til å selje oss sjølve i regionen. Vi har god kontakt med byggebransjen, og deltek i mange fora der. Helikopterprosjektet har dessutan vore godt synleg i media, medan nullenergimålet på depotbygget har blitt omtalt i fagpressen, seier Rognstad.

Forsvarsbygg foreslår å rive det gamle depotbygget og byggje eit nytt, energieffektivt, fleksibelt og tidsriktig kontorbygg for FLO.

Trygg byggherre
– Forsvarsbygg som offentleg byggherre gjer nok også til at mange er interessert. Vi er ein seriøs byggherre, og det er særs sjeldan at prosjekta våre blir stoppa. Våre prosjekt held fram uansett om det er høgkonjunktur eller lågkonjunktur i marknaden. Vi er også ein krevjande byggherre som stiller krav til dokumentasjon og at det blir levert som avtalt. Det er det mange leverandørar som set pris på, fordi dei lærer mykje av det, seier Rognstad.

– Forsvarsbygg vil i næraste framtid velje to av dei 19 tilbydarane i dei to konkurransane, kva vil du seie til dei som ikkje vinn fram i denne omgang?
– Dei må følgje med på alle utlysingane i 2012. Det går fleire tog, avsluttar Rognstad.

I helikopterprosjektet skal det leverast inn løysingsdokument til Forsvarsdepartementet til våren, medan depotbygget har kome noko lengre i tidligfasen, og skal levere forprosjekt til FD i august 2012. Det er FD som er oppdragsgjevaren for alle prosjekta i Forsvarsbygg, og som i fleire fasar av byggeprosjekta er inne og kontrollerer at byggeprosjekta kan halde fram.

Image "helikopter.jpg" without description Helikopterdetasjement HOS

Tidlegare forsvarsminister Grete Faremo kunngjorde i september 2010 at det nye helikopterdetasjementet skal byggast på Haakonsvern orlogsstasjon. Ti firma leverte inn tilbod på prosjekteringskonkurransen. Foto: Åsmund V. Sjursen

Nyhetsvarsling

Få e-post når det kommer nye saker.