Hopp til hovedinnhold Hopp til bunnen av siden
logo: Forsvarsbygg.no

Earth Hour 2011

Laurdag 26. mars deltek Forsvarsbygg atter ein gong på den største klimakampanjen i verda.

Det er rekordstor oppslutning om den største klimakampanjen i verda, Earth Hour. Laurdag 26. mars skal Noreg igjen mørkleggast i ein time mellom klokka 2030 og 2130. Det er tredje gongen kampanjen kjem til Noreg. Landemerke over heile Noreg skal sløkke lyset for klimaet under årets Earth Hour.

Også globalt ser Earth Hour ut til å nå historiske høgder i år. Over tusen byar er meld på rundt om i verda. Ikonbygg som Eiffeltårnet i Paris, Brandenburger Tor i Berlin og Det skeive tårn i Pisa skal slå av lyset på kvelden for kampanjen saman med landemerke som Kristus-statuen i Rio, Table Mountain i Cape Town og Victoria Falls i Zimbabwe/Zambia.

Som den største offentlege eigedomsforvaltaren i Noreg er det viktig at Forsvarsbygg er med og bidreg. Vi har ei rekkje signalbygg som er godt synlege i mange store byar. Vi kan derfor vere med på å inspirere andre til meir bevisst bruk av energi. Forsvarsbygg sløkkjer derfor lyset på ti av festningane i tillegg til ei rekkje av landet sine militærleirar frå nord til sør.

I fjor deltok nesten kvar annan nordmann, samt hundrevis av bedrifter, kommunar, organisasjonar og praktbygg i klimakampanjen. Til saman sytte deltakarane for at forbruket av straum denne timen gjekk ned med 250 millionar watt, tilsvarande seks millionar 40 watts lyspærer. Målet med kampanjen i år er at halve Noreg skal delta.

Målet i år er ein milliard deltakarar, med ei klar beskjed til politikarane og til kvarandre: Klimautfordringa møter vi saman. Vis at du vil vere ein del av løysninga: Sløkk lyset for klima og natur og gjer meir.

Laurdag 26. mars ber vi derfor alle våre leigetakarar og brukarar i våre bygg om å sløkke lyset frå klokka 20.30 til klokka 21.30.

Desse festningane slår av lyset:
Akershus festning, Bergenhus festning, Fredriksten festning (Halden), Oscarsborg festning (Drøbak), Fredrikstad festning (Gamlebyen), Kongsvinger festning, Fredriksvern verft (Stavern), Karljohansvern (Horten), Kristiansten festning (Trondheim) og Vardøhus festning.

Les meir på www.earthhour.no

Nyhetsvarsling

Få e-post når det kommer nye saker.