Hopp til hovedinnhold Hopp til bunnen av siden
logo: Forsvarsbygg.no

Nær 200 millionar kroner ført tilbake til Forsvaret

I 2013 selde Forsvarsbygg Skifte eiendom tidligare forsvarseigedom for 408 millionar kroner. Av desse inntektene vart 154 millionar nytta til riving, sikring og miljøsanering og 197 millionar kroner vart ført tilbake til Forsvarsdepartementet.

- Sal av eigedom har gitt Forsvaret ei ekstra inntekt på 3,2 milliardar kroner sidan 2002. Inntekter frå sal  og færre økonomiske og miljømessige forpliktingar knytt til drift av bygg og anlegg i framtida, er viktige tilskot til forsvarssektoren, seier direktør i Skifte eiendom Marit Jakobsen Leganger.

Forsvaret sine utgifter til drift og vedlikehald av bygg og anlegg ville vore omlag 1 milliard kroner høgare utan avhendinga som har skjedd dei siste 12 åra.
- Skifte eiendom medverkar til ei effektiv og tilpassa eigedomsportefølje for Forsvaret. Det inneber at utdatert eigedom får nye muligheiter i andre marknader, seier Leganger. Totalt har Skifte eiendom avhenda 2,8 millionar kvadratmeter forsvarseigedom sidan starten i 2002.

Miljøansvar og ny etterbruk
Skifte eiendom har rydda, sikra og miljøsanert eigedom for 154 millionar kroner i 2013. Dette er eigedom som anten er kondemnabel, eller med miljøproblem som må ryddast før eit sal. Det er og eigedom som skal førast tilbake til det til det sivile samfunnet som for eksempel friluftsområder.
- Desse eigedomane omfattar alt frå populære naturområder til skytefelt og øvingsområder, seier Leganger.

Nokre av dei største miljøprosjekta som Skifte eiendom har jobba med i 2013 er opprydding i tidligare skyte- og øvingsfelt som til dømes Steinkjersannan i Steinkjer kommune,  Lørbern i Ørland kommune og Kjevik i Kristiansand kommune.
- Ein viktig del av avhendinga er å fjerne miljøskadeleg avfall og forureina masser frå  områder som tidlegare har vore nytta av Forsvaret. Det er vår jobb å legge til rette for sivil etterbruk av desse eigedomane, seier Leganger. Skifte eiendom har sidan 2002 frigjort 25 000 dekar friluftsareal til allmennheita, det tilsvarar nærare 3 500 fotballbaner.  

Oppdrag utanfor forsvarssektoren
Skifte eiendom har dei siste åra tilbydd kompetanse og tenester til andre offentlege aktørar med stor eigedomsportefølje . I dag løyser Skifte eiendom oppdrag innan sal, riving, sikring og miljøsanering for til dømes Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap, Kystverket, Jernbaneverket og Helse Sør-Øst.
- At vi får oppdrag frå andre statlege aktørar tyder på at også andre enn forsvarssektoren har behov for eit sterkt fagmiljø for avhending av offentleg eigedom, seier Leganger. I 2013 selde Skifte eiendom nærare 2 500 rådgivingstimar til andre enn forsvarssektoren.


Nøkkeltall for 2013:

- Brukte 154 millionar kroner på å rive, rydde og miljøsanere tidlegare forsvarseigedom

- Omsette for 501 millionar kroner

- 197 millionar kroner ført tilbake til forsvarsbudsjettet

- 143 000 kvadratmeter avhenda

- Selde nærare 2 500 rådgivingstimar til oppdragsgivarar utanfor forsvarssektoren.

 

Nokre av dei største rive- og ryddeprosjekta i 2013:

Miljøtiltak Lørbern (storskaret): Sanering og fjerning av ca. 9000 tonn tungmetallforureina masse fra skytevirksomhet. Tiltak i 2012 og 2013.  

Kjevik: Reiv 4 bygg på 2200 m2  og fjerna forureining av diesel i grunn under bygg, ca. 7000 tonn masser levert til mottak. Gjennomført hausten 2013.

Ulven leir: Bane 17 og stridsløypabane 21 ved Ulven leir vart miljøsanert i samsvar med løyvet frå Klima- og forurensningsdirektoratet (nå Miljødirektoratet). 5369 tonn med forureina masser er fjerna og levert til godkjent mottak.

FRØY: Har rive delar av kraftlinje i Kitdalen ogmiljøsanert 7 anlegg på fjellet i Kitdalen. Vi har levert 12,6 tonn trykkimpregnert trevirke og 15,9 tonn anna avfall.

 

Største sal i 2013:

Ulsnes boligsal: 15 husvære på Ulsnes, like utanfor Stavanger .  Selde for 50 millionar kroner til Stavanger kommune.

Bømoen:
Bømoen militærleir ved Voss har mange verna bygningar, store grøntområde og eigen flyplass. Miljøoppryddinga og restaurering av gamle bygningar har tatt fem år, og området vart seld i 2013. Kjøparen planlegg å utvikle området ut frå ei mogelegheitsstudie utarbeidd av Skifte eiendom og Voss kommune i fellesskap. Seld for 41 millionar kroner

Olavsvern Tromsø: Tidlegere marinebase ved Ramfjordnes, ca 20 km frå Tromsø. Det har vore militær aktivitet på staden sidan andre verdskrig. Avhendinga av denne eigendomen krevde alt fra miljøopprydding og rydding til omfattende salsleiing. Selde for 38 millionar kroner

Sola sjø: Tidlegere forsvarseigendom ved Sola sjø utanfor Stavanger. Seld til Sola kommune som mellom anna leiger ut til Universitetet i Stavanger som brukar bygga til internasjonale studentar og stipendiatar. Kommunen har også planar om  å samle heimetenesten i Sola og i Tananger i eitt av bygga,  og å lokalisere Jæren krigsmuseum til området. Selde for 37 millionar kroner.

Kontakt:

Direktør Forsvarsbygg Skifte eigedom Marit Jakobsen Leganger, mobil 920 67 676

Kommunikasjonssjef Jeanette Christensen, mobil  915 42 232

Nyhetsvarsling

Få e-post når det kommer nye saker.