- Vi har blant anna sikra kanonstillingar og fjellanlegg, opplyser prosjektleiar Trond Nordby i Skifte Eigedom.
Skifte Eigedom har delt inn området i tre ulike delar. Forsvaret eig framleis delar av området, medan Askøy kommune tidlegare har teke over eit område som blant anna inneheld gamle militære bygninger.
Verna
Herdla Fort vart bygga av den tyske okkupasjonsmakta under krigen. Etter krigen vart øya teke i bruk av det norske forsvaret og nytta som øvingsfort for rekruttar til Kystartilleriet. Som ein del av omlegginga av Forsvaret i 2000 vart all aktivitet ved fortet avslutta i år 2000.
I dag er det blant anna eit flymuseum på tomta. Det gamle torpedobatteriet er under freding og Skifte Eigedom samarbeider med Museum Vest om å lage eit museum også her.