Som eit ledd i å fornya bustadane til Forsvaret i indre Troms fekk vi i 2016 i oppdrag frå Forsvarsdepartementet å bygge 24 nye leilegheiter og tre garasjebygg. Dei nye bustadene erstattar ti gamle bustader som stod på dei same tomtene, og som difor måtte rivast før bygging kunne starta.
- Oppgåva vår er å levera dei riktige bustadane som Forsvaret treng for å kunna øva, trena og bu. No er dei klar til innflytting, fortel prosjektleiar Knut-Helge Grimstad.
Etter gjennomførde konkurransar vart det i desember 2016 inngått kontraktar på både rivning og bygging av nye bustader. Bygginga starta i mars 2017 og er fullført som planlagt i september 2018 .
Det er firmaet Byggmeister Bengt Andersen AS, frå Alta som har oppført bustadane, og rivningen av dei gamle bustadene hadde SP Maskin AS i Harstad. Byggjeleiinga hadde SWECO Noreg AS.