Forsvarsbygg har fått i oppdrag frå Forsvarsdepartementet å byggje ei rundkøyring på E6. Etter utviklinga av Bardufoss leir har trafikken frå Forsvaret i Kapellkrysset auka betrakteleg inn og ut av området. Utbygginga vil skje i samarbeid med Statens Vegvesen, som også skal dekkje 40% av byggjekostnadene, samt ivareta drift og vedlikehald når rundkøyringa står ferdig.
Skildring
I oppdraget står det at rundkøyringa skal bestå av fire vegarmar, omlegging av gang- og sykkelvegar knytte til ny rundkøyring, omlegging av Kapellvegen for påkopling til ny rundkøyring og etablering av miljøgate på E6 med to opphøgde gangfelt på E6 og busslommer. I tillegg gjennomførast tiltak knytte til omlegging av kommunal vassleidning og eksisterande høgspentkabel.
Trafikktryggleik
- Dette vil auke trafikktryggleiken inn og ut av leirområdet når rundkøyringa står ferdig. Noko av bygginga kan vi starte opp med i inneverande år, men sjølve rundkøyringa vil vi starte på våren 2018, for å unngå at delar av arbeidet stoppar opp i vintermånadene. I anleggsperioden må ein rekne med omlegging av trafikken langs E6, og rundt bedrifter i området, som for eksempel Circle K-stasjonen og Spar-butikken, seier prosjektleiar Kjetil Blix Strokkenes i Forsvarsbygg.
Prosjektet vil bli lagt ut på anbod i løpet av sommaren.