Hopp til hovedinnhold Hopp til bunnen av siden
logo: Forsvarsbygg.no

Militant etterbruk på gamle Bømoen leir

Bømoen på Voss vart skipa som ekserserplass for Sogn bataljon i 1899 som følgje av den pågåande utbygginga av Bergensbanen. Fjordane regiment disponerte leiren fram til 2002. I dag er det ei heilt anna «militær» eining som ekserserer i Bømoen leir.

Bømoen leir vart seld til Bømoen AS i 2012. Vel hundre år med militær verksemd var over. I disse dagar har eit nytt kompani skipa standkvarter på Bømoen; kompani Lauritzen. Etter å ha spelt inn seks sesongar av den nasjonalt kjende realityserien på Setnesmoen leir i Åndalsnes, kjende produksjonsselskapet at dei ville flytte på seg. Bakgrunnen skal vere at sceneskiftet vil vere ein vitamininnsprøyting for programmet og representere ei fornying av konseptet.


Olav Lægreid er medeigar og styreformann i Bømoen AS, eigarselskapet til Bømoen leir. Han seier det det er artig at eit så kjend program vil nytte Bømoen som lokasjon for innspelinga av programmet.
- Vi som eig Bømoen synest dette er ein fin marknadsføring av både Bømoen og Voss, seier han, før han legg til at innspelinga vist nok nærmar seg slutten.

Mange planar for etterbruk


Men dei framtidige plana for Bømoen er nok tufta på ganske andre idear.
- Vi, dei vil seie to entreprenørselskapet kjøpte Bømoen for 41 millionar kroner i 2012. Seinare har vi brukt ytterlegare 29 millionar på å få regulert området med omsyn til framtidig bruk, seier Lægreid.
Bømoen leir omfattar 2300 mål eigedom, der 190 mål er eit område med fleire bygg som er omfatta av vernebestemmingar. Ved kommande årsskifte er det venta at Voss kommune skal legge fram ei endeleg reguleringsplan for området.
- Per i dag leiger vi ut ein del eksisterande bygg, til både kontor og verkstad-føremål. Vi ser for oss å nytte område rundt flyplassen til næringsformål, og vi ynskjer og å nytte dei omfemnande grusførekomstane på eigedomen. Det er naturleg å sjå for seg produksjon av betongvarar i den samanhengen, seier Olav Lægreid.

Prosessen fram mot endeleg reguleringsplan har tatt tid. Om prosessen med kjøpet av eigedomen i 2012 seier han følgjande:
- Eg kjenner Forsvarsbygg som ein profesjonell aktør, og prosessen fram til inngåing av kontrakt var særs ryddig og effektiv, seier han kort.
Når det gjeld Kompani Lauritzen har dei planar om å bli verande på Voss og Bømoen ei stund. I følgje TV2 skal ytterlegare fem sesongar av fjernsynsserien spelast inn på Bømoen.

Nyhetsvarsling

Få e-post når det kommer nye saker.