Det er interessant med tilbod på ferdig prosjekterte bygg på regulerte tomt og bustader under oppbygging. Behovet er inntil 70 nøkkelferdige bueiningar.
- Styrking av bustadkapasiteten er viktig for Forsvarets verksemd. Vi er no ute på marknaden i Midt-Troms og Evenes der vi ønskjer å kjøpe bustader, seier Erik Espnes, prosjektleiar i Forsvarsbygg.
Auka trivsel viktig for bulysta
Auka trivsel og bulyst er viktig for personellet til Forsvaret og det er eit stort behov for nye bustader. Forsvarsbygg ønskjer å nå ut til markedet for å få flest mogleg tilbydarar for bygging av desse bustadene. Det skal skaffast personellrelatert eigedom, bygg og anlegg (PEBA) til etablissementa Setermoen, Bardufoss, Sørreisa og Evenes.
Buområde må vere innanfor ein maks radius på 4 km frå definert sentrum per lokasjon. Det er viktig med nærleik til skule/barnehage/offentlege kontor. Det blir opna for å levere sjølv om ein ikkje leverer til alle krav.
Kort beskrivelse
Det skal kjøpes inntil 70 nøkkelferdige enheter. Utfyllende informasjon finner du på https://www.doffin.no/notices/2025-100239 .
Tilbodet skal leverast i kommunikasjonsmodulen i Mercell, og tilbodsfrist er den 07.02.2025.
Her er nokre av kriterium til bustadene:
- Buområde - innanfor ein radius på 4 km frå definert sentrum per lokasjon. Det er viktig med nærleik til skule/barnehage/offentlege kontor.
- Storleik: ein kombinasjon av bueiningar mellom 63-120 m2 BRA-I.
- 3-4 roms einingar, og lågenergihus klasse 2
- 1 Carport/garasje med elbilladar per bueining
- Opsjon på eldstad per bueining som skal vere sentralt plassert i stove om mogleg
- Ferdig opparbeidd uteområde med asfaltert tilkommeveg og parkering, andre areal skal opparbeidast med gras. Minimum 1 parkeringsplass per bueining i tillegg til garasje/carport
- Oppgjer skal skje via meklar i samsvar med inngått kontrakt
- Overlevering seinast innan 31.12.2026, men tidlegare levering blir vektlagd.