Den store utbygginga i Bardufoss leir dei siste åra hadde medført til stor trafikkbelastning i krysset i Heggelia. Krysset hadde avkjøring inn til to militærleirar, eit kapell, kino og bibliotek og dessutan eit stort bustadsområde. Dette gjorde at Målselv kommune og Statens Vegvesen stilte krav til Forsvarsbygg om utbedring av krysset før vidare utbygging inne på leirområdet i Rusta.
Sidan dette òg vil gje ei generell oppgradering av E6 i Heggelia-området vart det inngått ein avtale om kostnadsdeling mellom Forsvarsbygg og Statens vegvesen, der Statens Vegvesen dekker 40% av kostnadene knytte til arbeida som rører E6 .
God trafikkavvikling
- Vi har i dette prosjektet jobba i nært samarbeid med Statens Vegvesen og Målselv kommune om god avvikling av trafikken i det som var eit vanskeleg vegkryss. Her ivaretas no den militære trafikken med tunge køyretøy, busstopp og avkjøringer til bustader og næringsverksemd på ein sikker måte, fortel Knut Helge Grimstad, prosjektleiar i Forsvarsbygg.
Dialog med naboar
I anleggsperioden frå november 2017 til september 2018 har det i periodar vore behov for ein viss omlegging av trafikken. Trafikken på E6 har vore lysregulert i perioden juni-august.
- Vi har vore i tett dialog med Sparbutikken og Circle K, då dei har vore noko rørt av trafikkavviklinga. Dei har vore imøtekommande og tålmodige medan det har stått på som verst, seier Grimstad.