Hopp til hovedinnhold Hopp til bunnen av siden
logo: Forsvarsbygg.no

Forsvarsbygg styrkjer samarbeidet med leverandørmarknaden for eit beredskapsklart Noreg

Forsvarsbygg er den største byggherren i landet og ein profesjonell eigedomsaktør med ei avgjerande rolle i styrkinga av Noregs forsvarsevne. Verdien på rammeavtalen til leverandørmarknaden er på 1,5 milliardar kroner.

Gjennom rammeavtalar som sikrar leveransar over heile landet, legg vi grunnlaget for å møte Forsvarets behov for bygg, anlegg og infrastruktur. Med klare ambisjonar om å levere på Forsvarsløftet fram mot 2036, er samarbeid med leverandørmarknaden ein føresetnad for suksess

Avtalen styrkjer beredskapen

Tildelinga av seks nye rammeavtalar, fordelte på Rambøll Noreg AS, Multiconsult Norge AS, Norconsult Norge AS og Asplan Viak AS, er ein milepæl i arbeidet med å realisere ambisjonane i forsvarssektorens Langtidsplan.

- Vi er stolte av å samarbeide med nokre av dei fremste aktørane i landet innan prosjekteringstenester. Saman skal vi finne smarte løysingar som sikrar at Forsvaret er beredskapsklart, samtidig som vi forvaltar ressursane i fellesskapen nøkternt og framtidsretta, seier Stine Sjøthun Fjærli, avdelingsdirektør i Forsvarsbygg.

Investerer for eit beredskapsklart Forsvar

Forsvaret blir styrkt når vi lykkast med å ha rett eigedom, bygg og anlegg (EBA) på plass til rett tid. Derfor vil Forsvarsbygg halde fram med å jobbe tett med leverandørmarknaden for å sikre ei robust gjennomføring av Forsvarets oppgåver.

Forsvarsbyggs samfunnsansvar

Med ansvar for over 4 millionar kvadratmeter med eigedommar, og dessutan investeringar i nye bygg og anlegg, er Forsvarsbygg ein sentral samfunnsaktør. Vi er avhengige av eit velfungerande samarbeid både med store nasjonale leverandørar og mindre lokale aktørar for å lykkast med å levere på tid og kvalitet.

Kommentarar frå kontraktspartnarane våre:

Rambøll Noreg AS, Multiconsult Norge AS, Norconsult Norge AS og Asplan Viak AS

- Forsvarsbygg står overfor auka og krevjande oppgåver i tida som kjem, og vi ser fram til å dele erfaringa og kompetansen vår innan både rehabilitering og prosjektering av komplekse bygg, seier Arne Birkeland, administrerande direktør i Rambøll Noreg. 

- Vi er stolte av å ha vunne ein ny stor kontrakt med Forsvarsbygg. Vi ser fram til å bidra inn i prosjekt for Forsvarets beredskap og til å styrkje det gode kundeforholdet vårt med Forsvarsbygg ytterlegare, seier Thor Ørjan Holt, konserndirektør Salg i Multiconsult.

- Vi er fornøgde med å bli tildelte desse viktige rammeavtalane, som gir Forsvarsbygg tilgang til ekspertise og ressursar for å løyse krevjande oppgåver i åra som kjem. Norconsult er godt posisjonert for å handtere den forventa auken i aktivitet for den norske forsvarssektoren, og Norconsult, som ein samfunnsbyggjar, har også eit særeige ansvar for å bidra til å styrkje Noregs forsvarsevner, seier Egil Hogna, konsernsjef i Norconsult.

- Over mange år har Forsvarsbygg vore ein viktig og engasjert oppdragsgivar for Asplan Viak. Vi ser fram til å halde fram samarbeidet og bidra til auka beredskap og forsvar gjennom gode bygg- og an-leggsprosjekter, seier administrerande direktør Per Christian Randgaard.

Nyhetsvarsling

Få e-post når det kommer nye saker.