Det skal og seljast bustadar i Bergen, Trondheim, Rygge, Hamar og Elverum. Om lag hundre av dei er fire-roms eller større. Forsvarsbygg planlegg å starte salet i slutten av inneverande år. Estimert brutto inntekt er ca. kr 450 millionar kroner. Det er første gang sidan 2016 at Forsvarsstaben har gitt Forsvarsbygg i oppdrag å avhende ei så vidt stort mengde bustadar.
Leiar for bustadar og kvarter i Forsvarsbygg, Cecile Jentoft seier ho har forståing for at det kan synes paradoksalt at det skal seljast forsvarsbustadar, i ei tid kor Forsvaret er i ein oppbyggingsfase. Det er like vel slik at bustadane som skal seljast ikkje svarar til Forsvarets behov. Årsakene har å gjere med plassering, tilstandsgrad og storleik.
Nokre av bustadane må både tomtedelast og bli seksjonert før dei kan seljast. Salsperioden vil difor vare ved i om lag tre år. I nokre av bustadane bur det i dag forsvarstilsette. Dei vil ha forkjøpsrett, til takst. Vertskommunane vil ha ein generell forkjøpsrett på de tomme bustadane.
- Vi har allereie fått førespurnader frå fleire kommunar som er interessert i å komme i posisjon for å kjøpe, og da med formål å kunne busette flyktningar. På denne måten er vi med på å oppfylle statens målsettingar på dette området, opplyser Trond Eliassen, avhendingssjef hjå Forsvarsbygg.