Hopp til hovedinnhold Hopp til bunnen av siden
logo: Forsvarsbygg.no

Forsvarsbygg framskundar utbetalingar til leverandørar

For å bidra til å betre likviditetsstoda for leverandørar og entreprenørar i samband med koronautbrotet, vil Forsvarsbygg betale fakturaer til privat sektor så fort dei er saumfarte og godkjende.

Dette vil i dei fleste tilfelle medføre at fakturaer blir betalte 8-12 dagar før forfall.

Forsvarsbygg er ein stor offentleg eigedomsaktør. Dette er difor eit viktig bidrag for å halde hjula i gang i næringa og minske økonomiske konsekvensar av stoda vi er i.

Tiltaket blir innført med bakgrunn i Finansdepartementet sitt rundskriv R-100/2020 om mellombelse unntak frå avgjersler om økonomistyring i staten i samband med koronautbrotet, og vil i første omgang gjelde frå 1. april og ut august

Nyhetsvarsling

Få e-post når det kommer nye saker.