Hopp til hovedinnhold Hopp til bunnen av siden
logo: Forsvarsbygg.no

Forsvarsbygg bygde for 3,7 milliardar i 2020

Forsvarsbygg overleverte 84 byggeprosjekt til Forsvaret i 2020. Samla var investeringane på om lag 3,7 milliardar kroner.

–Forsvarsbygg har levert effektive og operative eigedomar, bygg og anlegg til Forsvaret i 2020. Produksjonen har vore høg og vi har halde hjula i gang til tross for koronapandemien.  Dette har bidratt til økt kampkraft for Forsvaret, og vi har hatt ei aktiv rolle i utviklinga av eit bærekraftig og framtidsretta norsk forsvar. Vi kjem til å fortsette effektiviseringsarbeidet vårt i den nye langtidsperioden for forsvarssektoren, og er klare til å byggje meir forsvarsevne i åra som kjem, seier Thorbjørn Thoresen, direktør i Forsvarsbygg.

Her kan du lese kva vi har gjort i 2020. 

 

Dei store tala for 2020


Forsvarsbygg forvalta 12 854 bygg og anlegg over heile landet gjennom 1415 årsverk. Det vart investert for om lag 3,7 milliardar kroner. Vi hadde 391 aktive investeringsprosjekt i ulike fasar og overleverte 84 byggeprosjekt. Med 4,1 millionar kvadratmeter forvalta bygningsmasse, og totale kostnadar på 9,7 milliardar, er Forsvarsbygg den største offentlege eigedomsaktøren i landet.

Solgte eigedom for 227 millionar kroner, som Forsvaret ikkje lenger har behov for
Forsvarsbygg avhenda totalt 37 531 kvadratmeter gjennom riving, rydding og sal i 2020. Det vart selt forsvarseigedom for 227 millionar kroner. Salgsinntektene besto primært av bustadsalg og salg av Soma-leiren i Stavanger.

Sidan 2001 har vi avhenda over 3 millionar kvadratmeter eigedom som ikkje lenger er relevant å nytte for Forsvaret. Sal av eigedom har gjort at forsvarssektoren har fått attende rundt 5,5 milliardar kroner netto til høgare prioriterte oppgåver.

Effektiviserte forvaltninga med 57 millionar kroner
I 2020 har vi gjennom ulike effektiviserings- og betringstiltak effektivisert med 57 millionar kroner. Til saman har vi i langtids­perioden 2017–2020 effektivisert for 250 millioner kroner, for å frigjere midlar til høgere prioriterte oppgaver i forsvarssektoren.

2,5 millionar besøkte festningane
2,5 millionar personer besøkte ein av festningane til Forsvarsbygg i 2020. Det er ein betydeleg nedgang frå rekorden på 4,4 millioner besøkande i 2019, og skuldast reiserestriksjonar og avlyste arrangement på grunn av koronapandemien.

Kostnadar
Dei totale kostnadane til Forsvarsbygg i 2020 var 9,7 milliardar kroner. Vare- og tenestekjøp utgjorde 70 prosent av dette.

Her kan du sjå nøkkeltala til Forsvarsbygg for 2020.

Nyhetsvarsling

Få e-post når det kommer nye saker.