Bustadane, som vart oppført på 50-60 talet, er for det meste å finne på Tingvollen. Tingvollen ligg i nærleiken av flystasjonen, og er soleis godt plassert for dei som vil kort veg til jobben. I alt skal tolv hus på Tingvollen, kvar av dei med fire leilegheiter (tre-roms), renoverast.
- Det er temmeleg tilårskomne bygg, slik at vi må grundig til verks for å oppnå ein standard som svarar på krava vi har til ein moderne bustad i dag, seier Lone-Lise Helgesen, prosjektleiar hjå Forsvarsbygg.
Per i dag er oppgraderinga av sju hus i gang på Tingvollen. Denne delen av prosjektet er fordelt på to kontraktar. Ein tredje kontrakt dekker arbeid med infrastruktur (veg, vatn og avløp) i området.
Lokale entreprenørar
- Vi har stor nytte av tilfanget av lokale entreprenørar, som har synt seg både konkurransedyktige, og som har ansvar for rigg og drift på anleggsplassen. Dei er ofte godt kjend med kva for krav Forsvaret stiller, og dei bidreg til god økonomi i prosjektet, seier Helgesen.
Tingvollen nummer 10, 11 og 12 ventast å være klar til bruk i september/oktober. Ein fjerde kontrakt som tek for seg ytterlegare fire hus i Tingvollen, samt to hus i Kirkeveien, vil bli inngått om ikkje lenge. Tingvollen 1 er omfatta av vernebestemmingar, og vil bli oppgradert på sikt.
Seinare vil Forsvarsbygg ta fatt på å oppgradere forsvarsbustadar i St. Georgs veg.
Forsvarsbygg fekk ei tilleggsløyving på (til saman 127 mill. kr.) fordelt i prognosen på 35 millionar kroner i år, og 46 millionar i både 2024 og -25 for formålet.