- Satsinga på gode butilhøve representerer eit langt steg mot målsettinga om å skape bu-lyst for dei som tenestegjer på Ørland flystasjon, seier John Ommund Syvertsen, sjef kapasitet luft, Forsvarsbygg
Prosjektet omfattar 50 identiske 3-roms leilegheiter. Kvar leilighet er på 68 kvadratmeter. Leiligheita er fordelt på fem hus i to etasjar. Kvar leilegheit består av to modular som er prefabrikkert på modulfabrikk i Sundsvall i Sverige. Kvar modul vart transportert på lastebil til Brekstad. I prosjektet inngår også opparbeida uteområde med leikeplass, grøntareal og parkeringsareal.
- Det har vore veldig interessant å følgje prosjekteringsfasen. Vi var mellom anna på to fabrikkvitjingar i Sverige i fjor, noko som i stor grad har vore nyttig med tanke på kvalitetssikring og optimalisering av prosjektet. Eg vil legge til at vi har hatt et veldig godt samarbeid med OBOS i byggefasen, seier Øyvind Wiklem, som har leda prosjektet for Forsvarsbygg.
Boligbyggelag drifter eigedomen i 20 år
Gjennom ei OPS-avtale (Offentlig-Privat Samarbeid) skal Forsvarsbygg betale ein fast leigesum i 20 år til utbyggaren, boligbyggelag-konsernet OBOS. OBOS har inngått avtale med Kjeldsberg Eiendomsforvaltning som skal drifte og vedlikehalde bygningsmassen. Etter 20 år overtek Forsvarsbygg eigedommen vederlagsfritt.
Oppstart på byggeplassen på Brekstad og oppstart modulproduksjon i Sundsvall skjedde i januar 2020, og modulmontasje på byggeplass tok til i april samme år. Innflytting av de første beboere er planlagd i mars.