- I utgangspunktet skal dei tilsette skaffa eigen bustad, men det vil alltid vera eit behov for innleia, seier Wenche Georgsen, regionsjef i Forsvarsbygg.
Auka behov for bustader
For å etterkomma etterspørselen etter bustader til forsvarstilsette søkar no Forsvarsbygg inntil 11 bustader og 10 kvarter til leie i den sivile marknaden. Har du ein umøblert einebustad eller leilegheit som er ledig, ønsker vi å leiga denne i ein periode på tre år med opsjon på ytterlege to år til.
Mindre leilegheiter
Kvartera skal vera delvis møblerte hyblar eller hybelleilegheiter. Her er det ønskeleg med tilbod på ein portefølje på minimum fem einingar.
- Vi er interesserte i alt som er innanfor ein radius på 10 km frå porten til flystasjonen. Det vil seia òg Bleik, Skarstein og Fiskenes, seier Georgsen
Tilbod kan sendast inn til innleie.andoya@forsvarsbygg.no
Frist 1. Juni 2021