Universum avdekk kvart år Noregs mest attraktive arbeidsgivare og arbeidspreferansane til studentar ved norske universitet og høgskular. I år har om lag 14 000 studentar sagt si meining, og i underkant av 3 000 av dei er ingeniørstudentar.
–Det er gledeleg at studentar ser Forsvarsbygg som ein spennande arbeidsplass, og at vi med god margin held stand på topp 100-lista, seier Borgar Aasgaard Kristinsson, HR-rådgevar rekruttering i Forsvarsbygg.
Forbind Forsvarsbygg med eit godt arbeidsmiljø
Om lag 80 prosent av ingeniørstudentane som ønsker å jobbe hos oss assosierer vår verksemd med eit godt arbeidsmiljø. Fleire av studentane forbind Forsvarsbygg med gode karrierereferansar og leiarskapsmoglegheiter.
Inne på topp 20 i nord
Ved Universitetet i Tromsø er Forsvarsbygg på 19.plass. Forsvarsbygg gjer det også godt blant studentane på Norges miljø- og biovitenskapelege universitet i Ås (NMBU) med ein 27. plass.
Populær blant jentene
I Forsvarsbygg er vi nesten dobbelt så populær hos kvinnelege studentar som hos de mannlege. Hos kvinnene er vi oppe på ein 47.plass, mens mannlige ingeniørstudentar rangerer versemda på 80. plass.