– Det er svært gledeleg at vi no ser at populariteten til festningane som reise- og besøksmål, er tilbake til dei same rekordhøge nivåa som før pandemien. Det er veldig hyggjeleg at det utrøyttelege arbeidet vårt med å utvikle festningane som destinasjonar, og leggje til rette for aktivitetar heile året, gir effekt. Det er eit viktig samfunnsoppdrag for oss å forvalte og utvikle Noregs 14 festningsverk. Det er eit ansvar vi tek med stort alvor. seier direktør Forsvarsbygg, Thorbjørn Thoresen.
Festningane er viktige besøksmål både for turistar og lokalbefolkninga. Dei er sentrale kultur- og militærhistoriske berarar i lokalsamfunna sine. Her møter historia samtida, og det sivile samfunnet møter Forsvaret. Dei er ein sentral del av Noregs kulturarv.
1,2 millionar besøkte Akershus festning
Akershus festning tronar på toppen av lista, med over 1,2 millionar besøkjande. Dernest er Bergenhus festning med cirka 700.000 besøkjande i 2024. Festningane i dei mindre byane er også svært godt besøkte, og er sterkt etablerte besøksmål som inngår i kultur- og reiselivstilbodet til regionane.
I dei store byane Oslo, Bergen og Trondheim utgjer cruiseturistar er stor del av dei besøkjande. Men også nordmenn på feriereise i eige land gjestar festningane våre hyppig, i tillegg til lokalbefolkninga.
Forsvarsmusea melder om godt besøk
Det store mangfaldet i tilboda på festningane gjer festningane dei til attraktive destinasjonar. Fleire av forsvarsmusea ved festningane melder om godt besøk, noko som vitnar om at interessa for militærhistorie er høg hos publikum.
Mange av festningane er også arena for konsertar, festivalar og andre kulturarrangement. Historiske bygningar og tilrettelagd infrastruktur, skaper gode rammer for slike aktivitetar.
Aktiv bruk er det beste vern
– Vi i Forsvarsbygg har som oppgåve å vareta festningane, og sikre at alle som vil besøkje dei kan gjere det på ein god og trygg måte. Festningane er ein del av vår felles nasjonale kulturarv, og dei skal vere opne og tilgjengelege for publikum. For å lykkast med ei berekraftig forvaltning, samarbeider vi tett med både offentlege og private aktørar. Vi legg til rette for ei utvikling som skaper yrande liv og held historia i hevd. Saman skaper vi nytt liv på historisk grunn, seier Thoresen.
I Bergen trekte kultur- og eventselskapet Bergen LIVE mange gjester med konsert- og festivalverksemda si ved Bergenhus festning i fjor. Hotella ved høvesvis Kongsvinger og Oscarsborg festning var også svært populære reisemål i 2024.
Jul på festningane
Sommaren er framleis høgsesong på festningane, men fleire av festningane satsar også på julesesongen med mellom anna tradisjonelle julemarknader. Dei er godt besøkte, og treffer mykje godt i lokalbefolkninga og dei som bur i regionane rundt.
Samla besøkstal på festnigane i Noreg dei siste åra:
2024 4 100 000
2023 3 300 000
2022 2 900 000
2021 3 100 000
2020 2 500 000
2019 4 400 000
2018 4 100 000
2017 3 800 000
2016 3 700 000