Hopp til hovedinnhold Hopp til bunnen av siden
logo: Forsvarsbygg.no

Anke til Høgsterett i saka om flystøy hjå Ørland flystasjon

Sju av dei åtte ankemotpartane i lagmannsretten leverte torsdag 27. juni 2024 ein anke til Høgsterett. For to av motpartane gjeld anken berre erstatningsutmålinga, medan dei andre fem ankar over heile dommen.

Staten ankar også dommen, men i eit avgrensa omfang. Anken frå Staten gjeld berre spørsmålet om dei to som vart tilkjent erstatning i lagmannsretten har lidt eit økonomisk tap, og om eit eventuelt krav er forelda. I anken vert det framheva at det ikkje er godtgjort at naboane har lidt eit økonomisk tap som gjev grunnlag for erstatning. Det er mellom anna slik at partane er einige om at kampflyverksemda på Ørland har ført til ein særleg sterk bustadprisvekst i områda rundt flybasen. Ankemotpart har ikkje gjort gjeldande at dette ikkje gjeld deira eigedommar. Tidlegare har både domstolane og lovgjevar slått fast at ein ikkje får erstatning for ulemper som ikkje har gjeve seg utslag i ein konstaterbar verdireduksjon på eigedommen.

Staten er også av den oppfatninga at kravet er forelda. Seinast i 2016 hadde naboane nødvendig informasjon om eit eventuelt erstatningskrav. Men spørsmålet om forelding er berre aktuelt for det tilfelle at ein kjem til at naboane har lidt eit økonomisk tap, noko staten meiner dei ikkje har.

Ankeutvalet i Høgsterett skal no ta stilling til om anken slepp inn, før saka eventuelt blir behandla av landets øvste domstol.

Nyhetsvarsling

Få e-post når det kommer nye saker.