Frukostseminar: Tidsrekneskap og vern mot inntrenging
Fulltegnet! Nasjonalt kompetansesenter for sikring av bygg (NKSB) ønsker velkommen til gratis frukostseminar 12. februar om tidsrekneskap og vern mot inntrenging.
12. februar 2025
Kl. 08.00-09.30
Sted: Auditoriet, Grev Wedels plass 5, Oslo
Pris: Gratis
Påmeldingen er stengt. Frokostseminaret er fulltegnet.
NB! Berre fysisk deltaking
Korleis kan tidsrekneskap nyttast som ein del av risikovurderingar i eit heilskapleg konsept?
På frukostseminaret 12. februar vil du få ein gjennomgang av ulike tilnærmingar til tidsrekneskap og praktiske eksempel på dette.
Du vil få vist eksempel på bruk av elektronisk sikring, som deteksjons- og verifikasjonskomponent og teknisk tiltak i sikringsløysingar.
Vi vil under heile seminaret fokusere på potensielle moglegheiter for vern mot inntrenging og diskutere og vise eksempel på sårbarheiter ved ulike komponentar.
Seminaret er basert på innlegget Tidsregnskap, fysisk og elektronisk sikring — inntrenging, kapasitetar og tiltak under Sikringskonferansen 2024.
Målgruppa: Seminaret passar for deg som jobbar med sikring, sikkerheit, forsking og innovasjon.
Program:
08.00-08.30: Frukost og registering
08.30-09.45: Fagleg program
Tidsrekneskap, fysisk og elektronisk sikring — inntrenging, kapasitetar og tiltak
v/Lars Einar Bjørgo og Ivar Gald, NKSB
Spørsmål og svar
Vi gleder oss til å sjå deg!
Dette er NKSB
NKSB er ein del av Forsvarsbygg og er det fremste kompetansemiljøet i landet for vern og sikring av eigedom, bygg og anlegg. Vi hjelper einingar i offentleg sektor og innehavarar av skjermingsverdige objekt som har behov for å verne og sikre eigedom, bygg og anlegg mot terror, sabotasje, spionasje og andre fiendtlege anslag.
Bilde til saka av Jürgen Jester fra Pixabay
Nyhetsvarsling
Få e-post når det kommer nye saker.