Hopp til hovedinnhold Hopp til bunnen av siden
logo: Forsvarsbygg.no

Ta omsyn

Møvik fort er ei av dei 14 nasjonale festningane i Noreg, og det er eit nasjonalt kulturminne som vi ønskjer å ta vare på for seinare generasjonar.

Derfor er det viktig at du som oppheld deg her, har respekt for bygningane og uteområda, viser varsemd når du beveger deg rundt på området, og følgjer åtferdsreglane. Slik medverkar du til at alle får ei fin oppleving når dei besøkjer fortet.

Opplevinga av å vere på ein unik stad som Møvik fort kan fort bli øydelagd av forsøpling og utilsikta skadeverk. Derfor er det forbod mot bål heile året. Det same gjeld bruk av eingongsgrillar. Motorisert ferdsel er ikkje tillate i området. Det er absolutt bandtvang for hundar heile året. Graving er ikkje lov. Alt søppel skal kastast i oppsette spann eller takast med.

Bruk av paintball, graffiti og liknande tilgrising er forbode.

Elles gjeld varsemdsføresegnene i friluftslova for ferdsel m.m.

Nyhetsvarsling

Få e-post når det kommer nye saker.