Hopp til hovedinnhold Hopp til bunnen av siden
logo: Forsvarsbygg.no

Vestre batteri

Bygt for å verne overgangen ved Sarpsbroen og er eit av dei tidlegaste anlagte batteria.

Sarpsborg vestre batteri blei bygt i 1899 for å verne overgangen ved Sarpsbrua. Batteriet er anlagt med seks standplassar for posisjons- og feltkanonar og er eit av dei tidlegast anlagte. Stillingane er solid oppmura med brottstein og kvaderstein.

Bak brystvernet til batteriet er det ein open batteriplass som tilknyting mellom kanonstillingane, og mellom desse igjen er det deknings- og ammunisjonsnisjar med uregelmessig form – delvis oppbygde eller utsprengde i batteriplassen.

Brystvernet er oppmura og har jorddekt front. Siktebordet med eit murskjold omkring fronten står bak på venstre side av plassen.

Hovudskotretninga var mot veg- og jernbanebruene over Glomma ved Sarpsfossen, og frå høgre flanke kunne dei skyte mot ferjestaden ved Sannesund.

I likskap med dei andre festningsverka har batteriet stor militærhistorisk interesse.

Tilkomst

Lettaste tilkomst er via Tunevannsveien ved Tune kirke, deretter opp Lundgårdsvei.

Kontakt

Smilende kvinne på vårt servicesenter med hodetelefoner med mikrifin

Nyhetsvarsling

Få e-post når det kommer nye saker.