Hopp til hovedinnhold Hopp til bunnen av siden
logo: Forsvarsbygg.no

Langenes batteri

Batteriet er eit av dei eldste anlegga i Glommalinjen og har på grunn av si spesielle utforming og opphavlege form svært stor verneverdi.

Foto: Tommy Gildseth / lokalhistoriewiki.no

 

Som eit av dei første i utbygginga av Glommalinjen stod dette batteriet ferdig allereie i 1899 og var meint for seks 7,5 cm feltkanonar.

Anlagt som eit festningsanlegg, heilt regulært og med fullt overdekkjande dekningsrom mellom dei seks kanonstandplassane. Etter unionsoppløysinga blei anlegget erstatta med eit delvis utsprengt brugalleri mot jernbana og ei oppmura mitraljøsestilling.

Portane og piggtrådsperringane er frå 1914–18, då batteriet blei sett opp under den første verdskrigen. I 1935 blei det sett opp luftvernartilleri.

Langenes batteri var ein del av Fossumavsnittet. Hovudskotsfeltet til batteriet var mot Onstadsund ferjestad, men to av standplassane skulle dekkje sørover mot Fossum vegbru og Langnes jernbanebru.

Batteriet er eit av dei eldste anlegga i Glommalinjen og har med den spesielle og opphavlege utforminga si svært stor verneverdi.

Tilkomst

Batteriet ligg på Spydebergsida av Glomma ved enden av jernbanebrua over elva. Skilta kulturstig frå Spydeberg ungdomsskole, cirka 3 km.

Kontakt

Smilende kvinne på vårt servicesenter med hodetelefoner med mikrifin

Nyhetsvarsling

Få e-post når det kommer nye saker.