Hopp til hovedinnhold Hopp til bunnen av siden
logo: Forsvarsbygg.no

Isesjøbatteriet

Enkelt forsvarsanlegg med stor militærhistorisk verneverdi.

Batteriet blei anlagt i 1902 og er eit svært enkelt anlegg.

Det har ni opne kanonplassar med samanhengande lågt brystvern og ein planert, delvis utsprengd plass bak. Siktebordet er intakt.

Isesjøbatteriet var ein del av Sarpsborgavsnittet og skulle dekkje området på austsida av Glomma med vegen frå Ise stasjon til Skjeberg.

Både batteriet og batterivegen opp frå garden Spydevold er godt tekne vare på og har stor militærhistorisk verneverdi.

Tilkomst

Tilkomst til batteriet langs batterivegen frå Spydevold gård eller langs skilta stig frå skytebanene ved Isesjøen.

Kontakt

Smilende kvinne på vårt servicesenter med hodetelefoner med mikrifin

Nyhetsvarsling

Få e-post når det kommer nye saker.