Hopp til hovedinnhold Hopp til bunnen av siden
logo: Forsvarsbygg.no

Fossum brugalleri

Eit anlegg som var i kamp i 1940.

Etter at festningsanlegga langs Haldenvassdraget blei demolerte, var det behov for å forsterke forsvaret lenger tilbake. Anlegget blei bygt som eit galleri innskote i fjellet, med ein lang gang med hallar og sju skyteskår.

I den innarste hallen står ein vedomn. Eit tilsvarande anlegg finst ved Vaterholmen i Trøndelag. Anlegget blei rekna som nedlagt frå 1930-åra, men blei likevel teke i bruk i 1940 då det var kampar ved Fossum bru.

Brugalleriet ligg på vestsida av Glomma og var ein del av Fossumavsnittet. Det skulle først og fremst sikre mot overgang over vegbrua over elva.

Anlegget er uvanleg og viser variasjonar i festningsanlegg frå denne perioden. På grunn av originaliteten til anlegget, den gode standen det er i, og kamphandlingane i 1940 har brugalleriet og området rundt stor militærhistorisk verdi.

Tilkomst

Tilkomst til anlegget frå den gamle vegbrua over Glomma ved Fossum.

Kontakt

Smilende kvinne på vårt servicesenter med hodetelefoner med mikrifin

Fant du det du lette etter?

Nyhetsvarsling

Få e-post når det kommer nye saker.