Hopp til hovedinnhold Hopp til bunnen av siden
logo: Forsvarsbygg.no

Kortfattet histiorie

Austrått fort er eit anlegg som blei montert av okkupasjonsmakta under den andre verdskrigen.

Eit stort kanontårn dominerer Austrått fort. Dette kanontårnet høyrde opphavleg til det tyske slagskipet «Gneisenau», som hadde tre tårn av denne typen. Då skipet blei skadd på Kiel hamn i 1942, blei det avgjort at eit av tårna til «Gneisenau» skulle monterast på Austrått fort. Dei to andre hamna på Sotra utanfor Bergen og i Nederland. Men det er berre kanonane på Austrått som er bevarte, noko som gjer det eineståande i europeisk samanheng.

Tårnet er sett saman av tre kanonar, der kvart løp har ei vekt på over 50 tonn. Stålplatene i kuppelen over bakken er 25 centimeter tjukke. Kanontårnet, som beveger seg når kanonrøra flytter seg sidelengs, går 15 meter og 5 etasjar ned i fjellet og veg over 800 tonn. Ved hjelp av jugoslaviske krigsfangar og tyske ingeniørar blei det sprengt ut eit stort hòl i fjellet, som i tillegg til kanonen og tilhøyrande maskineri innehelder forlegning, messe, ammunisjonsmagasin, sanitæranlegg og maskinrom. I praksis ligg alt som på båten var under dekk, inne i fjellet på Lundahaugen.

Alle dei tre løpa i kanontårnet kunne avfyre salver samstundes med opptil tre granatar per løp i minuttet. Rekkjevidda var på 42,6 kilometer, og utgangsfarten var på cirka 900 meter i sekundet. Det blei skote med 28,3 centimeters kaliber, og siste skotsalva blei avfyrt i 1953.

Austrått fort blei lagt ned som forsvarsanlegg i 1968, men vedlikehaldet heldt fram til 1977. Etter restaurering i 1990 blei ansvaret for kanontårnet overført til Ørland kommune, med ønske om at kommunen skulle leggje området til rette som publikumsattraksjon. I 1991 opna anlegget slik det er i dag. Saman med Fosen krigshistoriske samlinger sørgjer kommunen og Forsvarsbygg for at ein kan oppleve Austrått fort som eit minne om andre verdskrigen, med dei forferdelege små og store, lokale og globale hendingane som det er viktig at vi ikkje gløymer.

Vi ønskjer deg velkommen til Austrått fort. Her kan du på nært hald oppleve skuggane frå krigen.

Sjå verneplan Austrått fort

Verneplanen er ein reiskap i forvaltninga av festningane og skal vere ein grunnleggjande premiss for alle planar som blir utarbeidde for anlegget, det vil seie både overordna planar og detaljerte planar for vedlikehald, skjøtsel, restaurering og istandsetjing.

Fant du det du lette etter?

Nyhetsvarsling

Få e-post når det kommer nye saker.