Vi planlegg, byggjer og driftar
Vår jobb er å ivareta eigedom, bygg og anlegg i forsvarssektoren. Vi syter for alle oppgåver innanfor utvikling, bygging, utleige, drift og vedlikehald. Vi trenar og øver med Forsvaret, slik at vi også har beredskap for å levere i krise og krig.
Vi vernar og sikrar bygg og anlegg
Nasjonalt kompetansesenter for sikring av bygg (NKSB) er forsvarssektorens og statens rådgjevar for vern og sikring av eiendom mot eksplosjonsulykker, terrorhandlingar, spionasje, sabotasje og annan kriminalitet. NKSB er landets fremste miljø for å utvikle kunnskap og løysningar som bidreg til et tryggare Noreg.
Vi tek vare på miljøet
Vi har eit spesielt ansvar for miljøutfordringane i forsvarssektoren. Vi har den fremste kompetansen i landet på miljøutfordringar innanfor ureining og støy ved påverknad frå militær aktivitet og øvingar. Stadig meir spesialiserte krav for sektoren blir ivaretekne og oppfylte.
Vi skaper nyttliv på historisk grunn
Både verna og ikkje-verna bygningsmasse utgjer ein viktig samfunnsressurs med mykje potensial. Vår kulturminnefaglege rådgjeving bidreg til løysingar for å ivareta kulturminneinteresser og sameine verneomsyn med optimal bruksfunksjon. Vi forvaltar og utviklar dei nasjonale festningane, og legg til rette for at dei er tilgjengelige for publikum heile året.
Vi sel eiendom
Militære eigedomar som er tekne ut av teneste blir avhenda av oss. Avhendinga omfattar alt frå sal til miljøopprydding, tilrettelegging for sivil bruk og prosessen fram til nye eigarar tek over. Dette tilfører midlar til forsvarsbudsjettet og fritek forsvarssektoren for framtidig drifts- og oppryddingsansvar.