Vi vart oppretta i 2002, og er i dag den største offentlege eigedomsaktøren i Noreg.
I dag varetek vi Forsvaret sine behov gjennom planstyrt vedlikehald og fornying av den totale eigedomsporteføljen med 12 870 bygg og anlegg, på totalt 4 120 555 kvadratmeter bygningsmasse, fordelt over heile landet.
Dei totale kostnadene for 2019 var 9,2 milliardar kroner. Sidan 2001 har vi avhenda 3 millionar kvadratmeter ikkje føremålstenleg eigedom. Sal av eigedom har gjort at forsvarssektoren har fått attende rundt 5,4 milliardar kroner netto til høgare prioriterte oppgåver.
Vi hadde i 2019 1 389 tilsette fordelt på 1 330 årsverk.
Vi er til stades der Forsvaret er. Hovudkontoret vårt er i Oslo.
Plassen vår i sektoren
Som organisasjon er vi underlagt Forsvarsdepartementet, på linje med til dømes Forsvaret, Forsvarsmateriell og Forsvarets forskingsinstitutt.