Hopp til hovedinnhold Hopp til bunnen av siden
logo: Forsvarsbygg.no

Held «hjula» i gang

Døgnet rundt har driftsteknikarane våre stått på for Forsvaret og NATO under Trident Juncture. Her får du møte nokre av dei.

Ansvaret vårt er å sikre at alle eigedomar, bygg, anlegg og infrastruktur blir drifta og fungerer i både fred, krise og krig. 24 timar i døgnet, året rundt.

Under Trident Juncture har driftsteknikarane våre stått på dag og natt for å få hjula til å gå rundt i dei mange leira landet over. I form av skiftordning har dei sørgt for å skaffe, reparere, ordne og fikse det Forsvaret har trunge for å kunne gjere jobben sin. 

Sjølve feltøvinga er no avslutta, men enno er det mange NATO-soldatar og full drift i leira. 

Camp Sessvollmoen

På Sessvollmoen møter vi røyrleggar Jens Sander og elektrikar Marius Ihler. Dei to driftsteknikarane har hatt Sessvollmoen leir, Trandum og Gardermoen som områda sine.

- Øving eller ikkje øving, jobben vår er å sørgje for at straumen og vatnet fungerer. Kvar morgon og kveld har vi teke sjekkrundar for å sjå til at alt er i orden, fortel dei.

Driftsteknikarane opplever at øvinga i det store har gått som planlagt. At det har vore god planlegging på førehand og blitt teke høgd for det ekstra «trøkket» ved dimensjoneringa av vatn, avløp og straum.

Rena og Camp Rødsmoen

Per Arne «Peppis» Engerbakk, Morten Nyland og Geir Helge Håkonsen er kollegaer på Rena. Lekkasje i vasskran og ordning av sanitæranlegg har vore blant oppdrag frå den lokale operasjonssentralen denne dagen.

Driftsteknikarane fortel om høg motivasjon og at det kjennest gjevande å vere ein del av det store maskineriet som sørgjer at for «hjula går rundt».

Ein av «Peppis» oppgåver er å drifte det nye grovvaskeanlegget for køyretøy i leiren. Anlegget kan vaske seks køyretøy samstundes og vaskar fleire hundre køyretøy i løpet av øvinga.

- Ei stridsvogn kan ha opptil eitt tonn(!) med gjørme og møkk etter køyring i felt. Sjølve vaskinga blir gjort av soldatane, medan vi sørgjer for at anlegget fungerer som det skal, fortel «Peppis».

- Soldatane har vore veldig «allrighte» og enkle å samarbeide med, seier han.

Camp Værnes

På Camp Værnes treffer vi røyrleggar Per Arne Pettersen og snikkar Leif Hammer. Dei to har lang fartstid som driftsteknikarar i Forsvarsbygg og har difor røynsle frå fleire øvingar, men Trident Juncture er hittil størst.

- Vi har jo røynsler med slik drift frå tidlegare øvingar, men denne øvinga skil seg ut frå dei andre. Belastninga er større. Dessutan er det fleire tryggleiksomsyn vi må ta, fortel dei.

Stasjonen må jo driftast som vanleg òg når det er øving. Etter å ha jobba med «vanleg» drift på dagtid, går dei på vakt for øvinga på ettermiddagen. Då får dei frå lokal operasjonssentral melding om oppgåver som må bli gjort.

- Det er eit jamt trykk ut over dagen og oppgåvene er mange, men vi har opplevd å ha halde godt i det under heile øvinga. Teamet som rullerer på å ha vakt har fungert bra og vi har hjelpt kvarandre på alt førefallande arbeid, avsluttar dei.

Nyhetsvarsling

Få e-post når det kommer nye saker.