Hopp til hovedinnhold Hopp til bunnen av siden
logo: Forsvarsbygg.no

Skal byggje heis i Akershus slott

Nytt prosjekt skal gje betre tilgang til Akershus slott for rørslehemma. Nyleg var riksantikvar Jørn Holme på besøk.

Riksantikvaren har følgt prosjektet tett og naturlegvis godkjent alle dei byggjetekniske tiltaka som er planlagde. Nyleg var han på synfaring på festninga.

På synfaringa deltok også Forsvarsbygg både ved direktør Thorbjørn Thoresen, direktør Forsvarsbygg utvikling Erik Øimoen, regionsjef aust Ragnhild Aalstad, prosjektleiar Frank Olsen, og seksjonssjef Christian Borhaven i Forsvarsbygg Nasjonale festningsverk.

Nøgd
Gruppa fekk ein grundig gjennomgang av status i prosjektet, ei synfaring på det aktuelle området og ikkje minst, eit djupdykk i dei kulturminnefaglege utfordringane og korleis dei er tenkt løyste gjennom detaljprosjekteringa som no er i full gang. Holme gav uttrykk for at han var nøgd både med omvisinga og informasjonen.

Fagkunnskap Å installere heis og gjere tilpassingar i eit freda bygg på Noregs nasjonalarena er langt frå «plankekøyring». Aalstad peikar på at dette krev spesialkunnskap, og vilje og evne til å finne løysingar.

-I Forsvarsbygg har vi den kompetansen som trengst for å få dette til, og eit godt samarbeid med Riksantikvaren. Det er godt å ha slike ressursar i ryggen når vi no presenterer prosjektet for Riksantikvar Holme, seier ho.

Betre tilgang
-Prosjektet har som mål å skape betre tilgang i det historiske bygget. Blant anna blir utandørs dekke justert fram til bygget, vi etablerer heis mellom etasjane, og gjer det enklare å bevege seg mellom viktige rom. Dette er eit oppdrag med klare føringar frå Forsvarsdepartementet, seier Aalstad.

Byggjestart er hausten 2017 og skal sluttførast i løpet av hausten 2018.  Slottet vil vere stengt for omvisingar og formelle markeringar/middagar i heile byggjeperioden.

Bilete:
Riksantikvaren og Forsvarsbygg på synfaring: Frå venstre Linda Veiby, Hanna Kosonen Geiran, Erik Øimoen, Thorbjørn Thoresen, Jørn Holme, Frank Olsen og Ragnhild Aalstad.

Bilete2:
Direktør Thorbjørn Thoresen og riksantikvar Jørn Holme

Akershus festning

Nyhetsvarsling

Få e-post når det kommer nye saker.