Hopp til hovedinnhold Hopp til bunnen av siden
logo: Forsvarsbygg.no

Sto i mot 400 kg TNT

På torsdag gjennomførde Forsvarsbygg eit sprengingsforsøk inne på eit testområde inne på Regionfelt Østlandet. Formålet med testen var å verifisere berekningar – og prosjekterte løysningar for å kunne vite at ammunisjonslageret er sikra mot «detonasjonsoverføring».

Det vart nytte 400 kg TNT i forsøket. Ladninga var plassert få meter frå ein skalert port, og gjev Forsvarsbygg ny kunnskap som gjer at ein betre dimensjonering, utforming eller internavstandar i ammunisjonslager. Ein eksplosjon inne i eit ammunisjonslager vil alltid vere katastrofal og medføre fullstendig øydelegging. Forsvarets ammunisjon og sprengstofftypar er særs sikre å handtere, og alle ammunisjonslagre er lokalisert med tilstrekkeleg avstand til sivil verksemd.

- Verknaden frå detonasjonen medførte berre mindre ytre deformasjonar på porten, i tråd med berekningane som vart gjort på førehand, seier prosjektleiar Solveig Brita Heggelund, overingeniør i Forsvarsbygg.

Forsvarsbygg samarbeider med Forsvaret for å konstruere og bygge mest mulige sikre ammunisjonslagre for oppbevaring av eksempelvis sprengstoff, bombar og andre høgeksplosive ammunisjonstypar. «Nasjonalt kompetansesenter for sikring av bygg» i Forsvarsbygg vart skipa i 2012 som statens rådgjevar for trygging og sikring av eigendom, bygg og anlegg mot eksplosjonsulykker, terror, spionasje, sabotasje og anna kriminalitet. Der er landets leiande miljø for å utvikle kunnskap og løysingar som bidreg til eit tryggare Noreg, og inngår som ein del av Forsvarsbyggs fleirfaglege rådgjevingsmiljø innan eigedom, bygg og anlegg. Senteret vart skipa etter eit behov knytt til det nye trugselbiletet og nye krav til sikring av viktige funksjonar i samfunnet.

Regionfelt Østlandet

Nyhetsvarsling

Få e-post når det kommer nye saker.