Hopp til hovedinnhold Hopp til bunnen av siden
logo: Forsvarsbygg.no

Trondheim: fullt hus på leverandørtreff

Informasjonsmøtet om kommande anbodskonkurransar i Trøndelagsregionen blei godt besøkt.

Omkring 70 deltakarar hadde tatt turen for å få meir informasjon på leverandørtreffet som fann stad onsdag 15. januar på Scandic Nidelven i Trondheim.

Framleis høg aktivitet på Ørland og i regionen elles

Aktiviteten i regionen er framleis stor og det kjem mange prosjekt av ulik storleik og art i regionen i nær framtid. Nokre er allereie lyst ut, medan andre kjem på anbod.

Prosjektdirektør Olaf Dobloug innleidde møtet med å fortelje om prosjekta som kjem i samband med utbygging for nye F-35 kampfly. På Ørland kjem det enkeltprosjekt innan både eigedom, bygg og anlegg på anbod. På Værnes er òg aktiviteten aukande, med eit nytt forsyningsbygg og fleire kommande entreprisar.

Gav informasjon om enkeltprosjekt og rammeavtalar

Dobloug informerte òg om prosjekta som blir lyste ut i samband med utvikling av Evenes flystasjon. I tillegg orienterte han om andre prosjekt i Noreg slik som ubåtprosjekt på Haakonsvern/Ramsund, radarar for luftromsovervaking og etablering av Finnmark landforsvar i Porsanger.

Vi informerte etter dette om kommande enkeltprosjekt innan drift og forvaltning i regionen, for så å gi informasjon om planlagde aktuelle rammeavtalar i regionen og landet elles.

Her finn du meir informasjon

Forsvarsbygg bruker innkjøpsportalen Mercell kor pågåande konkurransar blir lagt ut. På nettsida vår For leverandørar gir vi meir informasjon om kommande anbodskonkurransar. Leverandørar kan òg nå oss på anskaffelser@forsvarsbygg.no ved behov for meir informasjon.

Sjå presentasjon frå leverandørtreffet her.

Nyhetsvarsling

Få e-post når det kommer nye saker.