Hopp til hovedinnhold Hopp til bunnen av siden
logo: Forsvarsbygg.no

Støytiltak på Ørland: kontrakt nr. 13 gjekk til Fosenhus AS

Entreprisa gjeld utføring av støytiltak på bustader i raud støysone og fritidsbustader på Ørland.

Forsvarsbygg utfører støytiltak på bustader i gul støysone rundt flystasjonen som del av oppdraget med å bygge ut Ørland flystasjon for nye F-35 kampfly. Dette er vedtatt i reguleringsplan med bestemmingar for å oppfylle krav til innandørs lydnivå. Omkring 750 bustader har etter synfaring fått tilbod om støytiltak, kor vi no har fullført tiltak på 718 bustader.

Fritidsbustader blir vurderte for støytiltak

Kommunal og moderniseringsdepartementet konkluderte i desember 2018 med at fritidsbustader òg skulle ha krav på støyisolerande tiltak. Det er til saman 195 fritidsbustader i gul støysone på Ørland og på Agdenes og 7 fritidsbustader i raud støysone på Ørland. Dei har alle blitt undersøkte for støytiltak. Det har blitt gjort synfaring og utrekning for å undersøkje om fritidsbustadene har krav på tiltak.

Entreprisa gjeld til saman 32 bygg

Støytiltaksarbeida er inndelt i entreprisar, som er lyst ut som anbodkonkurransar. Den siste entreprisa for bustader i gul støysone blei signert i fjor sumar. Vi inngår no kontrakt for den 13. entreprisa som gjeld til saman 32 bygg. 10 av dei er bustader i raud støysone og dei resterande er fritidsbustader.

Fritidsbustadene i denne entreprisa gjeld berre fritidsbustader på Ørland, med 17 fritidsbustader i gul støysone og 5 fritidsbustader i raud støysone.

Erfaren lokal entreprenør sikra seg kontrakten

Kontrakten blei signert med Fosenhus AS tysdag 28. januar. Dei lokale entreprenørane er frå før utførande entreprenørar ved entreprise 6, 8 og 12.

Kontraktsummen på entreprisa er om lag 15,1 mill. kroner inkl. moms.
Planlagd byggjestart er i mars og berekna sluttføring er hausten 2020.

Fant du det du lette etter?

Nyhetsvarsling

Få e-post når det kommer nye saker.