Hopp til hovedinnhold Hopp til bunnen av siden
logo: Forsvarsbygg.no

Støytiltak på Ørland - 11. kontrakt signert

Vi inngjekk kontrakt med Rædergård Entreprenør for ein av dei siste planlagde entreprisane på støytiltak på bustader i gul støysone på Ørland.

Rædergård Entreprenør AS er frå før i gong med utføring av entreprise 10 på støytiltak på bustader i gul støysone ved Ørland flystasjon.

Entreprise 11 omfattar 32 bustader og 24 av bustadene er plasserte i Agdenes kommune. Kontraktsum er på omlag 9 millionar kroner og forventa ferdigstilling er i desember 2019, med venta oppstart i sommar.

- Dette er ein av dei siste planlagde kontraktane vi inngår på støytiltak på bustader utanfor Ørland flystasjon, seier plan- og eigedomssjef Carl Oscar Pedersen og legg til at han er glad for å fortsetja å ha Rædergård «med på laget».

I rute med støytiltak på bustader

Vi er godt i rute med utføring av støytiltak på bustader i gul støysone. Omlag 730 bustader i gul støysone vil få støytiltak på bakgrunn av synfaringar av innandørs lydnivå.

Medregna denne entreprisen har vi utført eller utførar støytiltak på 719 bustader og har av disse overlevert 525 bustader. Vi har utført eitårssynfaring på rundt 100 bustader.

Arbeid med støytiltak starta opp i januar 2017 og i følgje reguleringsfråsegnene skal prosessen med støyisoleringstiltak vera sluttførte innan utgangen av 2019. Dei kring 200 fritidsbustadene på Ørland og Agdenes kjem utanom desse.

Fant du det du lette etter?

Nyhetsvarsling

Få e-post når det kommer nye saker.