Hopp til hovedinnhold Hopp til bunnen av siden
logo: Forsvarsbygg.no

Startar med riving og flytting

Oppdraget vårt med å bygga ut Ørland flystasjon for Noregs nye F-35 inneber å avhenda bustader vi innløyser. Vi startar no med riving eller sal for flytting av fråflytta bustader i raud støysone.

Vi tilbyr innløysing av alle 176 bustadene i raud støysone i tråd med vedtatte reguleringsbestemmingar for Ørland flystasjon. Sett bort i frå bustader som er verna, vil vi avhenda bustader som vi innløyser. Dette vil seie å rive bustadene eller selje dei for flytting.

Ein milepæl

Vi startar no opp med rivning eller sal for flytting av fråflytta, innløyste bustader på Ørland. Oppstarten er ein milepæl for prosjektet med utbygginga av Ørland flystasjon for Noregs nye F-35.

- Oppdraget vårt med ta ansvar for eigedomsforhold utanfor flystasjonen inneber òg å avhenda bustader. Derfor er det flott at vi no kjem i gang. Det er ikkje ønskeleg å ha mange hus ståande tomme over lang tid. Vi håpte å komma i gang etter sommaren 2018, men vi måtte ha klar rivebetingelser først, fortel eigedomssjef Carl Oscar Pedersen.

Samarbeid med kommunen

Vi samarbeider med Ørland kommune både når det gjeld vern og avhending av bustader på Ørland, og gjennom eit pilotprosjekt har ein arbeide med ei einigheit i korleis avhendingsarbeidet på Ørland skal vera. Det er kommunen som planstyresmakt som har ansvar for godkjenning av både flytting og rivning. Saman har ein komme fram til bestemmingar for korleis oppbygginga av tomta skal vera.

- Det går på fleire vilkår som skal sikra at den gjenståande tomta ikkje avvik frå terrenget rundt elles, og at det blir tatt prøver av massar for å konstatera tilstanden, i tillegg til kor lang tid arbeidet med å setje i stand tomta skal ta.

Miljømessig forsvarleg rydding

Med unntak av der bustaden er på frådelt tomt, tek vi ansvar for heile eigedommen med alle bygg på han og ryddar opp når vi innløyser bustader. Dette inneber at vi riv på ein miljømessig forsvarleg måte, med mellom anna sortering av avfall og moglegheit for gjenbruk av enkelte bygningsdelar. Vi set i stand tomta etter vedtatte rivebestemmingar for korleis oppryddinga skal vera.

- Vi har lang erfaring med avhending i Forsvarsbygg og vi skal gjera jobben skikkeleg, seier Pedersen.

Tilbakefører grunnen til dyrka mark

Tomta som blir ståande igjen, og eventuelt bygningar på tomta som ikkje blir rivne, vil først bli vurdert opp mot staten og Forsvaret sitt behov. Deretter etter behovet i fylket. Har ikkje desse behov vil kommunen kunna kjøpa tomta til forkjøpsrett, basert på at han blir brukt til landbruksføremål.

Viss kommunen ikkje nyttar forkjøpsretten, blir tomta lagd ut for sal på privatmarknaden, men då òg med hensikt om at tomta blir brukt til landbruksføremål.

- På denne måten kan gardbrukarane som grensar til kunna få større jordområde. Vi vil så langt som mogleg ivareta landbruket på Ørland, seier Pedersen.

Samlar opp bustader gruppevis

I første omgang startar vi no med eit par eigedommar som vi innløyste tidleg i prosjektet med utbygginga. Framover vil vi samla opp bustader gruppevis, i første omgang med fire grupperingar med opp til 80 bustader.

- Nøyaktig kor mange bustader som total skal rivast eller flyttast veit vi ikkje endå, men vi reknar med rundt 130 bustader, når vi trekkjer frå dei som ønsker støytiltak og dei bustadene som er verna. Vi håper på ei jamn framdrift framover, med mål om å bli heilt ferdige i 2022-23.

Fleire bustader blir bevart

Tilsaman er om lag 40 bustader i raud støysone er enten regionalt eller lokalt verna. Alle desse tek vi vare på og skal ikkje rivast. Bustadene som er regionalt verna skal bevarast på staden, men dei som er lokalt verna kan flyttast. I slike tilfelle, eller ved andre særtilfelle, legg vi opp til å selja bustaden med hensikt om at han skal bli flytta.

- Verna hus vi blir eigarar av skal vi teke vare på. Her kan det vera aktuelt med sal og etterbruk eller tilbakeleie, seier Pedersen.

Har du spørsmål til prosessen kring avhending?
Sjå meir informasjon på våre spørsmål og svar-sider.

Nyhetsvarsling

Få e-post når det kommer nye saker.