Hopp til hovedinnhold Hopp til bunnen av siden
logo: Forsvarsbygg.no

Ørland si forhistorie presentert i ny bok

Før utbygginga av Ørland flystasjon starta opp blei det gjort omfattande arkeologiske undersøkingar og utgravingar. No er funna frå undersøkingane presenterte i ei vitskapleg bok.

I tråd med kulturminnelova sørgde Forsvarsbygg, som tiltakshavar og utbyggar, for å gjennomføre arkeologiske undersøkingar før arbeida med å bygga ut Ørland flystasjon starta opp. Undersøkingane blei gjort av NTNU Vitenskapsmuseet og Sør-Trøndelag fylkeskommune. Over 100 dekar innanfor planområdet blei undersøkt.

Undersøkingane blei utført mellom 2013-2016

Det blei gjort eit omfattande arbeid. Først i form av arkeologiske registreringar sommaren 2013, utført av arkeologar frå fylkeskommunen. Etter dette heldt NTNU Vitenskapsmusnet fram arbeidet med utgraving og dokumentasjon, først i 2014 i eit avgrensa område der det var planlagt anleggsveg, og deretter i eit større område inne på flystasjonen.

Gav mykje ny kunnskap om Ørlands forhistorie

Dei arkeologiske undersøkingane avdekte mange funn som gav mykje ny kunnskap om Ørlands forhistorie, og eit spesielt godt heilskapsbilde av busetjinga som har vore ved Vik på Ørland flystasjon.

Fekk ikkje konsekvensar for utbygginga

Dei arkeologiske utgravingane fekk ikkje konsekvensar for utbyggingsplanane, fordi utgravingane blei gjort raskt gjennom eit godt samarbeid. Den arkeologiske informasjonsverdien til funna blei sikra gjennom utgraving og konservering før utbygginga starta.

Funna presentert i ny bok

No er resultata frå utgravingane presentert i den vitskaplege boka «Environment and Settlement: Ørland 600 BC - AD 1250: Archaeological Excavations at Vik, Ørland Main Air Base».

Boka kan lastas ned gratis her.

Bokutgivinga er finansiert av Forsvarsbygg. Forsvarsbygg har òg, i samsvar med kulturminnelova, dekt kostnadene i samband med utgravingane og desse har vore på rundt 56 mill. kroner.

- Vi takkar for eit særs godt samarbeid. Det har vore interessant å bidra i dette arbeidet, som er så viktig for å belyse historia på staden der Forsvaret har ein av dei viktigaste basane sine, seier utbyggingssjef Laila Morønning i Forsvarsbygg.

Nyhetsvarsling

Få e-post når det kommer nye saker.