Hopp til hovedinnhold Hopp til bunnen av siden
logo: Forsvarsbygg.no

Støytiltak på Ørland – signert 12. kontrakt

Forsvarsbygg har signert kontrakt med Fosenhus AS for 12. entreprise for støytiltak på bustader i gul støysone på Ørland. 

Som ein del av oppdraget med å bygga ut Ørland flystasjon for nye F-35, utfører Forsvarsbygg støytiltak på bustader i gul støysone rundt flystasjonen for å oppfylla krav til innandørs lydnivå. Dette gjeld opp mot 800 bustader.

Støytiltakarbeida er inndelte i entreprisar, som er lyst ut som anbodkonkurransar.

Bustader overført etter konkurs entreprenør

Entreprise 12 består av 32 bustader, som er overførte frå entreprise 9 etter at entreprenøren Einar Brekstad AS gjekk konkurs i byrjinga av mai i år.

Fosenhus AS er frå før entreprenør for entreprise 6 og 8, kor arbeida er i gong.

Forventa oppstart er i løpet av sommaren.

Fleire entreprise på støytiltak

Entreprise 12 er den siste planlagde entreprisen for bustader i gul støysone på Ørland, men det vil òg bli inngått kontraktar for støytiltak på bustader i raud støysone, i tillegg til fritidsbustader i raud og gul støysone.

Komme langt i arbeida

Medrekna entreprise 12 har vi utført eller utfører støytiltak på 719 bustader og har overlevert 527 bustader med ferdige tiltak tilbake til bustadeigar. Vi har utført eitårssynfaring på rundt 100 bustader.

Arbeid med støytiltak starta opp i januar 2017 og ifølgje reguleringsfråsegnene skal prosessen med støyisoleringstiltak, i tillegg til innløysing av bustader, vera sluttført innan utgangen av 2019. Dei rundt 200 fritidsbustadene på Ørland og Agdenes kjem utanom dette.

Fant du det du lette etter?

Nyhetsvarsling

Få e-post når det kommer nye saker.