Hopp til hovedinnhold Hopp til bunnen av siden
logo: Forsvarsbygg.no

Kontrakt for kontorbygg på Evenes

Oppføring av et kontorbygg på Evenes flystasjon er tildelt Peab Bjørn Bygg til en verdi av vel 24 millioner kroner.

Bygget skal byggjast i nær tilknyting til anleggshotellet og byggherrekontoret inne på flystasjonsområdet.

Etterbruk

Tilbodet omfattar levering av totalprosjekt (prosjektering og bygging) av eit kontorbygg på 580 m2. Etter end prosjektfase skal bygget nyttast som driftskontor til Forsvarsbygg for Evenes flystasjon.

I tillegg til kontorbygget omfattar òg entreprisen opsjon på mindre leveransar som bygging av skilderhus, mastefundamenter mv.

- Vi er no i gang med bygginga på Evenes flystasjon, og kontorbygget vil vera viktig for den framtidige drifta og vedlikehaldet av den fremskutte basen, seier direktør i Forsvarsbygg kampflybase, Olaf Dobloug.

Kontrakten

Oppstart arbeider på byggeplass er medio februar i år, og ferdigstillelsesdato for denne kontrakten er i byrjinga av desember 2018 .

− Dette er eit viktig prosjekt for Peab Bjørn Bygg. Vi har følgt med på utviklinga i dette området i fleire år, og er veldig klåre for å koma i gang med vårt første byggeprosjekt på Evenes, seier administrerande direktør Gro Skaar Knutsen i Peab Bjørn Bygg.

Konkurransen

  • Konkurransen var ein open tilbodskonkurranse med dialog, for innkjøp etter FOA del II (entreprisar NS 8407 mellom 1.100 .000 og 44.000 .000 eks mva).
  • Konkurransen vart avgjord på evalueringskriteriet lågast pris.
  • To tilbydere leverte tilbod.

Nyhetsvarsling

Få e-post når det kommer nye saker.