Hopp til hovedinnhold Hopp til bunnen av siden
logo: Forsvarsbygg.no

Evenes: Rein skal GPS merkast i samband med støymålingar

Observasjonar og støymålinger er ei vesentleg oppfølging av reindrifta og beitande husdyr i samband med utbygginga av nye Evenes flystasjon. Punktet er særskilt omtalt i den vedtatte reguleringsplana for Evenes flystasjon og lufthamn, og som vert følgd opp av Forsvarsbygg.

Det er no inngått ein avtale med NaturRestaurering AS med å kartleggje reaksjonane til rein for flystøy frå jagarflya.

Lite dokumentasjon med støy på rein finns frå før

Kunnskap om reaksjonen til reinsdyr andsynes flystøy er det mindre dokumentasjon på frå tidlegare utbyggingar. F16 vil ha noko flygingar i sommar, slik at ein har eit samanlikningsgrunnlag når målingane tek til med F35-flya.

Oppstart til sommaren etter kalvingen

NaturRestaurering AS har fått i oppdrag av Forsvarsbygg med å kartleggje reaksjonsmønstra til reinsdyra på støy. Grovfjord og Tjeldsund reinbeitedistrikt skal samarbeida med dem slik at alle omsyn med reinflokkane vert ivareteke. Hensikten er at data for arealbruken til reinsdyra gjennom året kan analyserast og vurderast, basert på sjølve flyaktiviteten spreidd over tid.

Kunnskap frå Ørland på beitande husdyr

Det skal òg gjerast støymålingar på beitande husdyr og dette vert utført av NMBU, Noregs miljø og biovitenskapelige universitet på Ås. Det er dei same som gjorde støyundersøkingane på Ørland i samband med utbygginga av hovudflystasjonen. Her finns det allereie god dokumentasjon frå desse målingane.

- Forsvarsbygg er oppdragsgjevar i dette undersøkingsprogrammet. Hovudprosjektet med støymålingane skjer i samarbeid med næringane og NaturRestaurering. Vi får resultatet og avsluttande rapportar etter at målingane er ferdig årsskiftet 2022/23, seier prosjektleiar Hege Aamodt i Forsvarsbygg.

Frå reguleringsavgjerdene:

Forsvarsbygg skal gjennomføre eit undersøkings- og oppfølgingsprogram for støypåverknad på beitande husdyr og reindrift.

Temaartiklar for reguleringsplanen

Kontaktinfo: reguleringsplan.evenes@forsvarsbygg.no

Fant du det du lette etter?

Nyhetsvarsling

Få e-post når det kommer nye saker.